Maskinsjef på ferje - er du klar for ansvar under dekk?

FJORD1 AS

  • Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!No har vi ledig stilling som maskinsjef i A-ruta i sambandet Sølsnes-Åfarnes, p.t. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Rødvenfjord. Kvifor velge Fjord1?
  • Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av. Dag/natt.
  • Variert og spennande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Kjekke kollegaer: Bli ein del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidere.
Arbeidsoppgåver
  • Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
  • M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • FSE e-læring
  • Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskaparSom maskinist på ferje er det viktig at du trivst med å arbeide tett saman med andre over tid, og at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø med ei positiv innstilling. Du kommuniserer tydeleg og respektfullt, både med kollegaer og passasjerar, og har ei serviceinnstilt haldning i møte med våre passasjerar. Samtidig er du fleksibel og tilpassingsdyktig, og handterer endringar og varierte arbeidsoppgåver på ein smidig måte.Vi tilbyr
  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar- Moglegheit til å leige hytter og leilegheiter, i tillegg til ulike rabattordningar for tilsette.
  • Attraktiv skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
Klar for å komme ombord?Då er det berre å kaste loss og sende inn ein søknad - vi gleder oss til å få deg med på laget!Kontaktinformasjon Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeidar ,Arbeidsstad
6456 SølsnesNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5008375124
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.09.2025Kontaktperson for stillingenSigrunn HellebustRekrutteringsmedarbeidarKopier e-postadresseOm bedriftenFjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.SektorPrivatNettsted

FJORD1 AS

Lignende stillinger

  • Maskinsjef Brattvåg - Dryna

    TORGHATTEN NORD AS AVD MORE

    • Brattvåg, Møre og Romsdal
    Vi søker Maskinsjef til sambandet Brattvåg - Dryna som p.t. trafikkeres av MF Haram Vi søker en ærekjær og pliktoppfyllende Maskinsjef som er god på samarbeid er løsnings-oriente…
    • 1 dag siden
  • Vil du bli vår nye maskinsjef?

    Fjord1

    • Møre og Romsdal
    Vil du vere med å styre ei av Noregs mest tradisjonsrike ferjestrekningar? Fjord1 søkjer no etter maskinsjef til M/F Stangvikfjord på sambandet Kvanne - Rykkjem. Dette er eit av …
    • 2 dager siden