Kateket i Haram
Haram Kyrkjelege Fellesrad
- Brattvåg, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
- Medansvar for kyrkjelydane si undervisning og opplæring for barn og unge.
- Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæring for alle døypte i alderen 0-18 år
- Koordinere og leie kyrkjelydane sitt konfirmantarbeid.
- Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der konfirmantar, ungdom og barn er målgruppa
- Følge opp frivillige medarbeidarar i trusopplæringsutvala
- Ansvarleg for kyrkjelydane sitt skule-/barnehage og kyrkjesamarbeid
- Utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja.
- Søkjarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk, eller anna relevant utdanning vert oppfordra til å søke. Vi kan også vurdere støtte til kompetanseutvikling.
- Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyd er ønskeleg.
- Søkjarar må vere medlem i Den norske kyrkja, og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag
- Engasjement for arbeid med undervisning og formidling til barn og unge.
- Gode pedagogiske og administrative evner.
- God på formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, i team og til å leie andre, både tilsette og frivillige.
- Raus og inkluderande.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
- For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
- Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Høve til å drøfte stillingsprosent.
- Søknadsfrist 30.12.2025
- Tiltreding etter avtale
- Kontakt: Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 559