Ledig fast 22 % fast helgestilling i Pleie- og omsorg
BOKN KOMMUNE PLEIE- OG OMSORGSSJEF
Bokn, Rogaland
Fast
Deltid
14 dager siden
Helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent\assistentEr du helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent eller helsefagelev og ønskjer å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.Me ønskjer i hovudsak deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring og\eller under helsefagleg utdanning vert også vurderte og oppmodast til å søkje.Dersom den som får stillinga ikkje har relevant utdanning, er det forventa at vedkommannde byrjar på utdanning som helsefagarbeider innan to år frå oppstart i stillinga.Ein arbeider gjennomsnittleg kvar 4. helg med langvakter på 13,5 timar, noko som tilsvarar ein 22 % helgestilling.Stillinga er ledig frå snarast.Om arbeidsstadenPleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova.Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar.Avdelingane er lokalisert på Boknatun.Arbeidsoppgåver i stillinga
Ordinære helsefagarbeidaroppgåver
Utlevering av medisiner (må ha medikamentkurs)
Stell og pleie
Halde seg fagleg oppdatert
Veiledning til pasientar og pårørande
Tverrfagleg samarbeid
Tillitsskapande miljøarbeid
Ha fokus på bruk av velferdsteknologi
Kompetansekrav
Offentleg godkjent helsefagarbeidar
Andre med interesse for å utdanne seg som helsefagarbeidar kan også søkje
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Evne til å motivere og engasjere
Initiativrik og fleksibel
God samhandlingskompetanse
Kunne arbeide sjølvstendig og i team
Trivast med å arbeide med mennesker
Godt humør og løysningsorientert
Handtere travle arbeidskvardagar
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsgjevar tilbyr
Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
Innmelding i pensjonskasse
Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
Ein spanande arbeidsplass med moglegheit for fagleg utvikling
Kvar skal du sende søknaden?Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenMay Lisbeth Bosvik Fiskaaen+47 90517196Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSeksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet. Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.SektorOffentlig