Fast stilling Overlege, anestesiologi
HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS
- Haugesund, Rogaland
- Fast
- Fulltid
Anestesi, intensiv og operasjonsavdeling er ein del av Kirurgisk klinikk ved Haugesund Sjukehus. Avdelinga består av einingar for Anestesi, Intensiv, Operasjon, Sterilforsyningsteknikk, Merkantil og Palliativt team i tillegg til Anestesileger.Avdelinga har ansvar for all anestesiservice med ca. 8500 anestesisesjonar årleg. Kombinert postoperativ og intensivavdeling med ca 500 respiratordøgn per år. Anestesilegebemanna utrykningsbil.Avdelinga har 15 overlegestillingar, inkl. leiar, og 8 LIS-stillingar.To-sjikts vaktordning med forvakt i tilstadesvakt og bakvakt dels i tilstadesvakt/heimevakt. Nye spesialistar må pårekne tilstadesvakt.Arbeidsoppgåver
- Variert anestesiologisk og intensivmedisinsk arbeid
- Arbeid på legebil kan vere aktuelt
- For tida forvakt i 8-delt tilstadesvakt, 10-delt bakvakt dels i tilstadesvakt/ heimevakt.
- Norsk godkjenning som spesialist i anestesiologi.
- Erfaring frå/interesse for akuttmedisin utanfor sjukehus er ønskjeleg.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Personleg kompetanse og evne til samarbeid ein føresetnad.
- Gode kommunikasjonsevner.
- Fagleg engasjert
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kolleger, i nye flotte lokaler
- Nærhet til fjord og fjell med gode muligheter for variert friluftsliv
5528 HaugesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5113345917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.04.2026Kontaktperson for stillingenGunnar Helge SjøenLeiar AIO47709138Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentlig