ArbeidsoppgåverVi ønskjer ein tydeleg og inkluderande rektor som vil setje retning, engasjere og samhandle for å utvikle eit framtidsretta skuletilbod og bidra til å oppfylle samfunnsoppdraget. Kompetent, open og modig er verdiane i Vestland fylkeskommune, og desse skal vere grunnlaget for all leiing.Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
Vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team
Leie strategi- og utviklingsprosessar
Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
Personalleiing
Utvikle samhandling med rettleiingstenesta
Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, samarbeidsorgan for lærebedrifter og andre samarbeidspartar
Økonomistyring
KvalifikasjonarDen som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg. Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Ein rektor kan leie fleire skolar.Det er ønskjeleg at du:
Set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid.
Har god kjennskap til vidaregåande opplæring.
Har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne.
Markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv.
Har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og gjerne leiarutdanning.
Byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling.
Opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak.
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.Personlege eigenskaparDin leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:
open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
har god kommunikasjonsevne og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
Vi tilbyr
givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
løn etter avtale
fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og direktør for opplæring og kompetanse.Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.Adresse: Slåtthaug high school, Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun, NorgeKontaktinformasjonØyvind Helland OddekalvområdeleiarE-post: oyvind.helland.oddekalv@vlfk.noOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.