
Bioingeniør? Bli fagansvarlig ved blodbanken vår
- Odda, Vestland
- Fast
- Fulltid
Som fagansvarleg i blodbanken vil du ha ei nøkkelrolle ved Odda sjukehus, som er ein del av Helse Fonna. Odda ligg i Ullensvang kommune, ein region kjent for si storslåtte natur.Blodbanken er akkreditert etter ISO 15189 og samarbeider tett med avdelinga for immunologi og transfusjonsmedisin. Arbeidstida er todelt turnus, men vi kan tilpasse til ei dagstilling dersom det passar betre for deg.Hos oss får du meir enn ein jobb - du blir ein del av eit samansveisa, fagleg sterkt og engasjert team som samarbeider på tvers av avdelingar. Odda sjukehus er kjent for sitt tette tverrfaglege miljø og gode arbeidsmiljø, der du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag og bidra til utvikling innan ditt fagfelt.Kvifor velje Odda og oss?
- Gode kollegaer: Vi er eit lag som støttar og løftar kvarandre.
- Flyttepakke: Vi hjelper deg med flyttekostnader (inntil 20.000,-) og dekker husleige dei første 6 månadene (inntil 60.000,-).
- Spektakulære naturopplevingar: Odda byr på Trolltunga, brevandring, kajakkpadling, sykling, fruktgårdar og mykje meir. Perfekt for deg som elskar friluftsliv og naturopplevingar.
Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag. Send gjerne søknaden din - kanskje er det akkurat deg vi ventar på!Les meir om kva Odda har å by på:NøkkelinformasjonSøknadsfrist:05.10.2025Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:ODDAStillingstittel:Fagansvarlig for blodbank OddaStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4998474036Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Ansvar for tapping, produksjon og blodtypeserologi på Odda sjukehus
- Oppfølging av rutiner og prosedyrer for analysering, tapping, produksjon og utlevering ved Odda sjukehus.
- Kontaktperson Hemovigilans
- Ansvar for at hygienekontroll blir utført
- Ansvar for at mottakskontroll av celler blir utført
- Bestilling av varer innan fagområdet
- Delta i laboratoriets rutinedrift.
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan transfusjonsmedisin
- er nøyaktig og kan jobba effektivt og systematisk
- har god gjennomføringsevne og er flink til å ta initiativ
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- set pris på å samarbeide med kollegaer
- Ein turnusordning med mulighet for friperioder
- Faglege utviklingsmoglegheiter og eit høg fagleg standard
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande arbeidsmiljø der vi jobber saman for å skape gode resultat.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å finne bustad