80 % vikariat som sjukepleiar på legekontoret

Øystre Slidre kommune Se alle jobber

  • Heggenes, Innlandet
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 4 timer siden
Om stillingaKommunen har eitt legekontor på Heggenes, som ligg midt mellom Beitostølen og Fagernes. Ved legekontoret er det fire spesialistar i allmennpraksis og ein LIS1 lege, samt stabile og dyktige helsearbeidere fordelt på sjukepleiarar, bioingeniør og helsesekretær.Grunna foreldrepermisjon er det ledig 80 % vikariat som sjukepleiar frå august 2026, med moglegheit for tidlegare oppstart. Vikariatet har varigheit på eit år.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.04.2026Arbeidsgivar:Øystre Slidre kommuneStad:HEGGENESStillingstittel:80 % vikariat som sjukepleiar på legekontoretStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:80Webcruiter-ID:5110154731Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Telefon/resepsjon, telefonkontakt med pasientar og personleg kontakt i skranke
  • Skadestogo, mottak av skadde pasientar
  • Laboraroriet, prøvetaking m.m.
  • Evt andre oppgåver etter behov og kompetanse
Kvalifikasjonar
  • Utdanning som sjukepleiar
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå jobb på legekontor
Personlege eigenskapar
  • Kunne jobbe sjøvstendig
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Kunne takle stress og arbeidspress i periodar
  • Kunne møte pasientar på ein imøtekomande måte
Vi tilbyr
  • Dyktig og hyggeleg kollegium
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Adresse: Bygdinvegen 1989, 2940 HEGGENES, NorgeKontaktinformasjonPer Bo SvenssonTenesteleiar helse og tilrettelagte tenesterOm arbeidsgivarenNasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på .

Øystre Slidre kommune