Koordinator for kreftomsorg og andre alvorlege sjukdommar

Stad kommune

  • Nordfjordeid, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 18 dager siden
Om stillingaLikar du å jobbe med kreftomsorg, kvalitetsforbetring, implementerings- og rettleiingsarbeid? Då er dette stillinga for DEG!Vi søkjer engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar til stilling som koordinator for kreftomsorg og andre alvorlege sjukdommar.Stillinga er lagt til heimetenesta Nordfjordeid, som er sentralt plassert i kommunen. Plasseringa legg godt til rette for samarbeid med spesialisthelsetenesta. Stillinga er fordelt mellom 50% adminitrativ tid til å følgje opp arbeidet som koordinator og 50% stilling i turnus som sjukepleiar med dagvakter i vekedagane og arbeid kvar 3.helg.Koordinator for kreftomsorg og andre alvorlege sjukdommar skal vere eit lågterskeltilbod der tenestemottakarar eller andre kan ta kontakt i alle fasar av sjukdomsutviklinga. Rolla skal ivareta både pasient, pårørande, helsepersonell og andre aktuelle. Koordinator har eit tett samarbeid med legetenesta og spesialisthelsetenesta og skal vere eit bindeledd for dei ulike einingane innan helse og omsorg.I rolla som koordinator jobbar du med fleire spennande oppgåver og mykje av tida vil du bruke innan kreftomsorg. Du har mellom anna ansvar for å følge opp og å leie kommunen sitt ressursteam innan kreftomsorg/palliasjon, ansvar for/ delta i utviklingsarbeid/prosjektarbeid, ansvar for prosedyrar og rutinar og deltek i nettverk i Sogn og Fjordane. Du arbeider utadretta og held deg oppdatert på nasonale føringar innan lindrande omsorg og kreftomsorg.Koordinator rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar og legg vekt på å arbeide målretta med kompetanseutvikling, eit godt arbeidsmiljø for våre tilsette og god livskvalitet for brukarane våre.
Sjekk oss gjerne ut på facebook eller instragram - Stad kommune.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:05.05.2024Arbeidsgivar:Stad kommuneStad:NordfjordeidStillingstittel:Koordinator for kreftomsorg og andre alvorlege sjukdommarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4767183426Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Tilby hjelp og støtte til kreftramma og deira pårørande
  • Vere eit bindeledd mellom fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunen, samt formidle kontakt mellom dei ulike kommunale tenestene
  • Svare på faglege spørsmål, gje rettleiing og samtalar, og er med på å sikre ei trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen
  • Vere ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft, eller som er pårørande til kreftsjuke
  • Sjukepleiefaglege oppgåver, tverrfagleg samarbeid og medisinsk behandling
  • Kartlegging og vurdering av behov for brukarar
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
Kvalifikasjonar
  • Helsefagleg utdanning på høgskule/universitetsnivå og relevant videreutdanning
  • God norsk-kunnskap, både munnleg og skriftleg
  • God IKT-kunnskap
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring fra kommunehelsetenesta og arbeid med kreft, pasienter og pårørende, samt erfaring frå tverrfaglig samarbeid
  • Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga
Personlege eigenskapar
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du kommuniserer godt og tydeleg
  • Du har god skriftleg framstillingevne
  • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre
  • Du jobbar for eit godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Du viser respekt for den enkelte brukar og familie, og tek sikte på å utforme tenesta i samråd med tenestemottakar
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre tenestemottakarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilrådde behandlingsmetodar.Vi tilbyr
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!Adresse: Fossevegen, heimetenesta, 6770 Nordfjordeid, NorgeKontaktinformasjonBarbro Longvakommunalsjef helse og omsorgOm arbeidsgivarenStad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Stad kommune