Pedagogisk leiar
OMBO BARNEHAGE
- Rogaland
- Midlertidlig
- Fulltid
Ombo oppvekstsenter er ein liten, men mangfaldig arbeidsplass med barnehage, SFO og barneskule samla under eitt tak. Me har to aldersblanda klassar med totalt 19 elevar frå 1.-7. trinn, og til saman 10 engasjerte tilsette i barnehage, skule og SFO som saman skaper eit trygt og utviklande miljø for barn og elevar.Oppvekstsenteret ligg på vakre Ombo - den største øya i Stavanger kommune - midt i Ryfylke sitt øyparadis. Her er naturen tett på, og gir unike moglegheiter for varierte aktivitetar i barnehagen.Arbeidsoppgaver
- Pedagogisk leiar har det administrative og pedagogiske ansvaret for si avdeling, med ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av alle sider ved arbeidet på avdelinga etter gjeldande planar og vedtak.
- Det pedagogiske ansvaret omfattar tilrettelegging for spesialpedagogisk arbeid og for arbeidet som blir utført av eksterne samarbeidspartnarar. Dette inneber òg rapportering og oppfølging av barn med særlege behov.
- Samarbeid med andre instansar som PPT, ressurssenteret for styrkt barnehagetilbod, fysioterapitenesta, barnevernstenesta m.m.
- Deltek i utarbeidinga og planlegginga av barnehagen sine overordna planar og innhald, og har ansvaret for gjennomføring på eiga avdeling.
- Bidreg i planlegging og gjennomføring av personalmøte og planleggingsdagar i samarbeid med avdelingsleiar.
- Har hovudansvar for foreldresamarbeidet på avdelinga og for at dette blir følgt opp.
- Bidreg til at Stavanger kommune og verksemda si visjon og verdigrunnlag er ein sentral del av arbeidet i barnehagen, og opptrer som eit førebilete.
- Har rettleiings- og formidlingsansvar overfor det øvrige personalet i verksemda/avdelinga når det gjeld det pedagogiske og metodiske arbeidet.
- Hovudansvar for å legge til rette for godt samarbeid internt på avdelinga og på tvers av avdelingar.
- Fordeler ansvar og arbeidsoppgåver til personalet slik at både gruppa, det enkelte barnet og den enkelte medarbeidaren sine utviklingsmål blir nådde.
- Ansvar for å ta imot og følge opp nytt personale og vikarar på avdelinga.
- Ansvar for at avdelinga sine planar og drift er i tråd med verksemda sine HMS-rutinar.
- Medansvar for at barnehagen sine ressursar (personale, utstyr og økonomiske) blir forvalta forsvarleg og riktig - med særleg ansvar for eiga avdeling.
- Kan bli pålagt å vere praksislærar for studentar som tek barnehagelærarutdanning.
- Stedfortredarteneste for avdelingsleiar kan bli aktuelt.
- Godkjend barnehagelærarutdanning.
- Evne til å gi personalet på avdelinga ei tydeleg kjensle av retning, inspirere og fordele oppgåver slik at avdelinga og barnehagen sine mål blir nådde.
- Kan samarbeide godt med andre; deler kunnskap, erfaringar og informasjon, og støttar andre for å nå avdelinga og barnehagen sine mål.
- Har interesse for og forståing av samfunnsoppdraget og fagområdet.
- Personlig egnethet og referansar vil bli lagt stor vekt på i ansettelsen.
- Du er innstilt på samarbeid og har evne til å arbeide i team.
- Du er fleksibel og har godt humør.
- Du har gode evner til å byggje relasjonar og trivst saman med barn.
- Du er oppteken av barnets tryggleik, der utvikling og læring står i sentrum.
- Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.
- Vi er ei lita personalgruppe, noko som stiller høge krav til kvar enkelt. Ein må ha gode relasjonelle ferdigheiter.
- Moglegheiter for å forme eiga arbeidshverdag etter interesser og kompetanse.
- Eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø.
- Løn i samsvar med KS hovudtariffavtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd (IA-bedrift).
- Stavanger kommune har eit generelt tillegg til pedagogiske leiarar på kr 41 000 årleg.
- Pedagogiske leiarar med utdanning som barnehagelærar får i tillegg eit arbeidsstadstillegg på kr 50 000 per år. Dette gjer vi for å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft på dei ikkje-landfaste øyane i Finnøy kommunedel.
4187 OmboNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Stavanger kommuneReferansenr.: 5113754900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2026Kontaktperson for stillingenRuben FjellAvdelingsleiar94136667Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenStavanger kommune er, med sine 11 000 ansatte, en av regionens største arbeidsgivere.Vi mener inkludering og mangfold er en styrke. Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mulig grad skal gjenspeile mangfoldet i samfunnet, og oppfordrer alle kvalifiserte til å søke, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.Vi jobber for heltidskultur med mål om å ansette i hele stillinger.Som ansatt i Stavanger kommune får du utgjøre en forskjell for kommunen og innbyggerne og blir en del av en spennende storbyregion.Vi bygger fellesskap ved å være nære, åpne og nyskapendeOffentlig søkerliste:
Stavanger kommune praktiserer prinsippet om meroffentlighet. Offentlig søkerliste vil normalt inneholde navn på samtlige søkere. Det må foreligge tungtveiende grunner for å få innvilget unntak, jamfør Offentleglova §25.Politiattest:
Gyldig politiattest må fremlegges før tiltredelse for stillinger der det er påkrevd iht. lovverk.Vedlegg:
Attester, vitnemål og vedlegg må legges ved søknaden. Vi oppfordrer til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning utført utenfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (eller NOKUT), og godkjenningen må dokumenteres.SektorOffentligNettsted