Sommarvikarar ved Landbruk og teknisk

Vang kommune

  • Norge
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 19 dager siden
Om stillingaEtat ved Landbruk/Teknisk har ledige sommarjobbar for sommaren 2024, for studentar og ungdommar i alderen 16 år og eldre.Arbeidsoppgåvene er i hovudsak gartnararbeid i Vang sentrum, andre vedlikehaldsoppgåver og arbeid ved etaten kan også vere aktuelt.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:28.04.2024Arbeidsgivar:Vang KommuneStad:Vang i ValdresStillingstittel:Sommarvikarar ved Landbruk og tekniskStillingar:8Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:SommarjobbStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4796549114Sosial deling :ArbeidsoppgåverEnkelt gartnararbeid og vedlikehald av bygningar m.m. Søkjarar bør ha fylt 16 år.Kvalifikasjonar
  • Må trivast med fysisk arbeid
  • Arbeidssom og nøyaktig
  • Ynskjeleg at ein av vikarane har førarkort for bil og kan ta eit ekstra ansvar for å organisere arbeidet
Søknad din bør innhalde informasjon om:
  • din motivasjon for å søkje stillinga
  • kva tidsrom du kan arbeide
  • om du har førarkort for bil/traktor
  • du disponerer bil
  • din erfaring med bruk av plenklippartraktor/kantklippar (evnt. motorsagkurs)
Ungdommar og studentar vert prioritert.Vi tilbyr
  • Løn som assistent / ung arbeidstakar jf Hovudtariffavtale i kommunal sektor
Adresse: Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, NorgeKontaktinformasjonOve Martin StendeAvdelingsleiar Bygg og DriftE-post: ove.martin.stende@vang.kommune.noOm arbeidsgivarenVang kommune som arbeidsgjevar:
  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på
. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang! * Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du påVang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Vang kommune

Lignende stillinger

  • Kommunalsjef teknisk,landbruk og miljø

    Fjord kommune

    • Norge
    Om stillinga Fjord kommune er på jakt etter ein dyktig, erfaren og utviklingsorientert leiar til stillinga som kommunalsjef teknisk, landbruk og miljø (TLM). Du vil vere direkte …
    • 25 dager siden
  • Kommunalsjef teknisk,landbruk og miljø

    Sula kommune

    • Norge
    Fjord kommune er på jakt etter ein dyktig, erfaren og utviklingsorientert leiar til stillinga som kommunalsjef teknisk, landbruk og miljø (TLM). Du vil vere direkte underlagt kommu…
    • 9 dager siden