Faglærar og kontaktlærar 1-10 klasse
- Vikedal, Rogaland
- Midlertidlig
- Fulltid
Søk no, bli ein del av Vikedal-skulefamilien og hjelp oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre. Kva får du jobba med hos oss:
- Bidra til eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Planleggje og leie elevanes læring både i og utanfor klasserommet.
- Byggja gode relasjonar til elevar og føresette.
- Fremje elevane si læring med varierte undervisningsmetodar.
- Rettleie og støtte elevane i leik, sosial utvikling og læring.
- Ta del i eit fellesskap der med lærer, deler og utviklar oss saman.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som gir meistring.
- Engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å komma godt i gong i den nye rolla di. Nyutdanna lærarar vil få eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Kontaktlærartillegg for dei som tek på seg kontaktlæraransvar.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.
- Annen relevant pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
- Elevsentrert: Du møter elevane med respekt, varme og nysgjerrigheit, er open og lyttande, og planlegg for meistring og læring.
- Relasjonsbyggar: Du skapar tryggleik og tillit gjennom omsorg, gode relasjonar og tydelege grenser - både i klasserommet og på arbeidsplassen.
- Lagspelar: Du likar å samarbeida, deler ansvar og bidreg aktivt til eit positivt skule- og arbeidsmiljø.
- Problemløysar: Du tar ansvar, finn løysingar og handterer utfordringar på ein konstruktiv måte.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenMerete DjuveRektor+47 47634791 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten - her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.SektorOffentlig