Arealplanleggar

SOGNDAL KOMMUNE PLAN OG SAMFUNN

  • Sogndal, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 20 dager siden
Sogndal kommune søkjer ein engasjert arealplanleggar som vil vere med å utvikle gode lokalsamfunn i hjartet av Sogn. Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv tett på naturen, med fjord, fjell og frisk luft rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Våre om lag 1300 medarbeidarar jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for både innbyggjarar og tilsette.Om stillingaSom arealplanleggar hjå oss får du ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidas tettstader og bygder. Me ønskjer å skape stadar som gir høg livskvalitet for både fastbuande og tilreisande, tek omsyn til miljøet og stimulerer til skaparkraft og engasjement hjå innbyggjarane våre.Du koordinerer planprosessar frå kommunen si side og sørger for god dialog med utbyggjarar, konsulentar, regionale fagetatar, interne fagpersonar og innbyggjarar. Målet er å sikre ein effektiv og god reguleringsplanprosess som følgjer kommunen sin arealplan og samfunnsplan (sjå utfordrarbygda.no).Du vert ein del av planteamet vårt, der me finn løysingar saman, støttar kvarandre og gir rom for fagleg vekst. Me jobbar langsiktig for å tilby gode tenester til både utbyggjarar og innbyggjarar. Kontorlandskapet vårt på Campus i Sogndal deler me med andre fagområde. Framtidig lokalisering vil vere i Sogndal og/eller på Leikanger.ArbeidsoppgåverPlansakshandsaming etter plan- og bygningslova. I hovudsak detaljreguleringsplanar, men også noko dispensasjonar og overordna planarbeidFølgje planprosessane frå initiativ til endeleg vedtak;
- Bidra til ein god og effektiv planprosess
- Koordinere dialogen mellom partar i prosessen, inkl. medverknad frå offentlegheita
- Jobbe for at planarbeida ivaretek kommunen sine overordna mål og føringar, og bidra til gode løysingar
- Førebu politiske saker og legge dei fram for politisk leiingDelta aktivt i planteamet ut frå rollene ein får tildelt i teamet. Bidra til at planteamet jobbar strategisk og langsiktig for å nå måla våreSamhandling med andre fagområde i kommunen, særleg byggjesak, oppmåling, miljø, landbruk, eigedom, VA og trafikkBistå innbyggjarar som ber om hjelp frå kommunenMoglegheit for å delta i andre team i kommunenKvalifikasjonarMinimum bachelorgrad i planlegging, stadutvikling eller annan relevant utdanning. Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskrav. Masterutdanning er ønskjeleg.Arbeidserfaring innanfor planområdet er ønskjeleg.Erfaring frå andre relevante fagområde som stadutvikling, trafikk, VA, arealforvaltning, GIS, arkitektur, planjuss, byggjesak og anna offentleg forvaltning er også relevant.Førarkort klasse B er ønskjelegPersonlege eigenskapar. Me ser etter deg somer ryddig og strukturert, og har oversikt i sakene dineer løysingsorientert, sjølvstendig og har god framdriftkommuniserer lett og godt med andre skriftleg og munnleg, på norskevnar å sette deg inn i og handterer komplekse prosessar og til tider stor saksmengdhar god rolleforståing, er positivt innstilt og jobbar mot kommunen sine måler venleg mot kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljøer omstillingsvillig når det kjem til organisering og lokaliseringMe tilbyrLøn etter avtaleEin spanande jobb i eit godt arbeidsmiljøGode pensjons- og forsikringsordningarGode velferdsordningarFleksitid og moglegheit for avspasering ved sol og pudderføreMoglegheit for heimekontor delar av tidaMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenSigrid ØlmheimTenesteleiar+47 97534382 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

SOGNDAL KOMMUNE PLAN OG SAMFUNN