
Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg
- Nordfjordeid, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Vikararbeid i Heimeteneste inkludert Fossevegen bufellesskap, Bu- og miljøtenesta, Hogatunet, Seljetunet og eining for Helse.
- Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafé, trene, reise på turar saman mm.
- Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg
- Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre
- Dersom du er aktuell vil du bli kontakta
- Du er gjerne i eit relevant studieløp
- Alle som arbeider i helse og omsorg må levere gyldig politiattest
- Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
- Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
- Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
- Løn etter tariff. Du skriv timeliste.
6740 Selje
NorgeStadlandet
6750 Stadlandet
NorgeKontaktinformasjonIda Elisabeth SjåstadspesialkonsulentE-post: ida.sjastad@stad.kommune.noOm arbeidsgivarenStad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!https://www.nordfjord.no/stadhttps://www.einstadistad.no/