
Er du sjukepleiar eller vernepleiar med ønske om langvakter?
- Norge
- Fast
- Fulltid
Post 1 har 34 pasientrom fordelt over 3 etasjar, der kvar etg. fungerar som ei gruppe. Vårt mål er å skapa tryggleik og trivnad i eit positiv miljø for både bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:12.09.2025Arbeidsgivar:Bømlo kommuneStad:BremnesStillingstittel:Sjukepleiar/VernepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:80Webcruiter-ID:5007836775Startdato:15.09.2025Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling.
- Gjennomføre sjukepleiefaglege prosedyrar i tråd med gjeldande rutinar og fagleg standard.
- Delta i sjukepleiervakter og bidra til kontinuitet og kvalitet i tenestetilbodet.
- Vere primærkontakt for utvalde pasientar, med ansvar for oppfølging og koordinering av tenester.
- Dokumentere helsehjelp og observasjonar i elektronisk journalsystem.
- Samarbeide tverrfagleg med tilsynslege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukehus, pårørande og andre relevante aktørar.
- Følgje opp pasientar og pårørande med fokus på tryggleik, informasjon og støtte.
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg.
- Jobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
- Er god til å vurdere, prioritere og iverksette.
- Har gode kommunikasjonsevner og er løysingsorientert i di tilnærming.
- Er lojal og fleksibel.
- Ein spanande arbeidsplass med varierte oppgåver og faglege utfordringar i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Mogleg medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt. Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.