Byggfagleg rådgjevar

AUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN

  • Storebø, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 timer siden
Om arbeidsstadenAustevoll kommune er i ferd med å byggje opp eining for eigedom, veg og drift - og vi søker no ein byggfagleg rådgjevar/ingeniør som kan vere med å forme denne eininga frå grunnen av.Eininga vil ha ansvaret for kommunen sine bygg, vegar, kaiar, idrettsanlegg og anna teknisk infrastruktur. Vi er ei eining i utvikling, med ambisjon om å gå frå reaktiv drift til proaktiv, verdibevarande forvaltning - og med ambisjon om å utvikle ei meir systematisk og framoverlent måte å jobbe på.Austevoll er ein øykommune i Vestland fylke med om lag 5 500 innbyggjarar og svært høg næringsaktivitet. Den geografiske variasjonen med fleire bustadde øyer gjer arbeidsdagen variert og spennande. Her er det kort veg frå ord til handling.Om stillingaSom byggfagleg rådgjevar/ingeniør vil du bli ein nøkkelperson i etaten - den faglege ryggraden i arbeidet med å sikre at kommunen sine eigedommar, vegar og infrastruktur er i god stand, godt dokumenterte og forsvarleg drifta. Stillinga rapporterer til einingsleiar og er ein del av eit lite stabsmiljø.Er du nyutdanna og klar for å ta eigarskap frå dag éin? Eller har du fleire år bak deg og vil bruke erfaringa di til å byggje noko varig? Vi er opne for begge - det viktigaste er at du brenn for faget, tenker sjølvstendig og er klar til å gjere ein skilnad.Ansvars- og arbeidsoppgåverStillinga har eit breitt og variert arbeidsinnhald. Arbeidsoppgåvene vil kunne bli tilpassa kompetansen og erfaringa til den som vert tilsett, men vil særleg omfatte:Vedikehaldsplanlegging og oppfølging
Dette vil vere ei sentral kjerneoppgåve i stillinga. Du vil mellom anna:
  • utarbeide, forvalte og vidareutvikle kommunen sine overordna vedlikehaldsplanar
  • prioritere vedlikehaldstiltak på tvers av bygnings- og eigedomsmassen, med utgangspunkt i tilstandsregistreringar
  • kople vedlikehaldsplanlegginga til økonomiplan og handlingsprogram
  • bidra til betre og enklare måtar å planleggje og gjennomføre vedlikehald på
Teknisk forvaltning og FDV
Du vil òg ha ei sentral rolle i arbeidet med teknisk forvaltning og dokumentasjon, mellom anna ved å:
  • gjennomføre tilstandskartlegging og tilstandsvurdering av bygningsmassen, mellom anna etter NS 3424
  • etablere, systematisere og forvalte FDV-dokumentasjon for kommunale bygg og anlegg.
  • kartlegge og følge opp brannvernsavvik, som er eit prioritert område i 2026
  • gjennomføre energikartlegging og bidra til tiltak for energieffektivisering.
  • sikre fullstendig FDV dokumentasjon ved overlevering frå prosjekt til drift
Utvikling og forbetring
Stillinga inneber også eit ansvar for å bidra til utvikling av arbeidsmåtar, rutinar og verktøy. Dette omfattar mellom anna å:
  • identifisere og gjennomføre forenklingar og forbetringar i rutinar, prosessar og verktøy
  • bidra til at etaten utviklar seg frå reaktiv drift til proaktiv og verdibevarande forvaltning
  • støtte prosjektleiing med teknisk kompetanse i bygge- og rehabiliteringsprosjekt
  • vere fagressurs i arbeidet med kravspesifikasjonar og kontraktar med FDV-krav
Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskravKva vi treng
  • Ingeniørutdanning eller anna relevant teknisk utdanning, gjerne innan bygg, eigedomsforvaltning, teknisk drift eller tilsvarande
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
Det er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Erfaring med tilstandsvurdering, FDV-dokumentasjon og/eller vedlikehaldsplanlegging
  • Kjennskap til NS 3424, TEK17, brannvernregelverk og/eller offentlege anskaffingsreglar
  • Erfaring frå offentleg sektor
Manglar du nokre av desse? Søk likevel - vi set pris på engasjement og potensiale, og vil aktivt hjelpe deg å bygge den kompetansen som trengst. Kven passar stillinga for?
  • Ein person med engasjement, initiativ og lyst til å bygge vidare på kompetansen sin
  • Ein fagperson som ønsker handlingsrom, ansvar og reell påverknad
  • Nokon som ser moglegheiter der andre ser rutine - og som trivst med å skape forbetring
Personlege eigenskapar
  • Systematisk og grundig - du tek eigarskap til oppgåvene og følger dei til dørs
  • God evne til å prioritere og handtere fleire oppgåver samstundes
  • Løysingsorientert og aktiv - du ser etter betre måtar å gjere ting på
  • Sjølvstendig, men samarbeidsorientert - du trivst i eit lite fagmiljø med stor tillit
  • God kommunikator - skriftleg og munnleg, med fagfolk og ikkje-fagfolk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.Vi tilbyr
  • Ein unik sjanse til å vere med å bygge ein ny, moderne eigedomsetat frå grunnen av
  • Fleksibel arbeidstid (flekstid) og moglegheit for heimekontor
  • Eit lite og tett fagmiljø med tillit til kvarandre
  • Aktiv satsing på forbetringar: vi ønsker folk som tenker nytt, ikkje berre driftar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansebygging
  • Løn etter kvalifikasjonar, i samsvar med gjeldande tariffavtale (HTA)
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Studielånsslett: busett i Austevoll? Du kan få sletta 25 000 kr av studielånet per år via Lånekassen (distriktsordninga gjeld frå 2026)
  • Arbeidsplass på Storebø - om lag 5 min frå ferje- og snøggbåtkai. Godt eigna for pendlarar - vi tilpassar møtetider og har forståing for at dagane skal gå opp
Slik søker duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.Kontaktperson for stillingenTore Kulseth MjaasethEigedomssjef+4796624044Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenAustevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Vi ønsker deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!SektorOffentligNettsted

AUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN