Byggfagleg rådgjevar
Nordland fylkeskommune Se alle jobber
- Storebø, Vestland
- Fast
- Fulltid
Dette vil vere ei sentral kjerneoppgåve i stillinga. Du vil mellom anna:
- utarbeide, forvalte og vidareutvikle kommunen sine overordna vedlikehaldsplanar
- prioritere vedlikehaldstiltak på tvers av bygnings- og eigedomsmassen, med utgangspunkt i tilstandsregistreringar
- kople vedlikehaldsplanlegginga til økonomiplan og handlingsprogram
- bidra til betre og enklare måtar å planleggje og gjennomføre vedlikehald på
Du vil òg ha ei sentral rolle i arbeidet med teknisk forvaltning og dokumentasjon, mellom anna ved å:
- gjennomføre tilstandskartlegging og tilstandsvurdering av bygningsmassen, mellom anna etter NS 3424
- etablere, systematisere og forvalte FDV-dokumentasjon for kommunale bygg og anlegg.
- kartlegge og følge opp brannvernsavvik, som er eit prioritert område i 2026
- gjennomføre energikartlegging og bidra til tiltak for energieffektivisering.
- sikre fullstendig FDV dokumentasjon ved overlevering frå prosjekt til drift
Stillinga inneber også eit ansvar for å bidra til utvikling av arbeidsmåtar, rutinar og verktøy. Dette omfattar mellom anna å:
- identifisere og gjennomføre forenklingar og forbetringar i rutinar, prosessar og verktøy
- bidra til at etaten utviklar seg frå reaktiv drift til proaktiv og verdibevarande forvaltning
- støtte prosjektleiing med teknisk kompetanse i bygge- og rehabiliteringsprosjekt
- vere fagressurs i arbeidet med kravspesifikasjonar og kontraktar med FDV-krav
- Ingeniørutdanning eller anna relevant teknisk utdanning, gjerne innan bygg, eigedomsforvaltning, teknisk drift eller tilsvarande
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
- Erfaring med tilstandsvurdering, FDV-dokumentasjon og/eller vedlikehaldsplanlegging
- Kjennskap til NS 3424, TEK17, brannvernregelverk og/eller offentlege anskaffingsreglar
- Erfaring frå offentleg sektor
- Ein person med engasjement, initiativ og lyst til å bygge vidare på kompetansen sin
- Ein fagperson som ønsker handlingsrom, ansvar og reell påverknad
- Nokon som ser moglegheiter der andre ser rutine — og som trivst med å skape forbetring
- Systematisk og grundig — du tek eigarskap til oppgåvene og følger dei til dørs
- God evne til å prioritere og handtere fleire oppgåver samstundes
- Løysingsorientert og aktiv — du ser etter betre måtar å gjere ting på
- Sjølvstendig, men samarbeidsorientert — du trivst i eit lite fagmiljø med stor tillit
- God kommunikator — skriftleg og munnleg, med fagfolk og ikkje-fagfolk
- Ein unik sjanse til å vere med å bygge ein ny, moderne eigedomsetat frå grunnen av
- Fleksibel arbeidstid (flekstid) og moglegheit for heimekontor
- Eit lite og tett fagmiljø med tillit til kvarandre
- Aktiv satsing på forbetringar: vi ønsker folk som tenker nytt, ikkje berre driftar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetansebygging
- Løn etter kvalifikasjonar, i samsvar med gjeldande tariffavtale (HTA)
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Studielånsslett: busett i Austevoll? Du kan få sletta 25 000 kr av studielånet per år via Lånekassen (distriktsordninga gjeld frå 2026)
- Arbeidsplass på Storebø — om lag 5 min frå ferje- og snøggbåtkai. Godt eigna for pendlarar — vi tilpassar møtetider og har forståing for at dagane skal gå opp