Politioverbetjent/politiførstebetjent med funksjon som fleirkildeanalytikar
BERGEN VEST POLITISTASJON
- Fyllingsdalen, Bergen
- Fast
- Fulltid
GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt: Bergen sør, Bergen nord, Bergen vest, Bergen sentrum og Askøy og Øygarden.Stillinga er plassert ved Bergen vest politistasjonsdistrikt, under avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjng. Stillinga samhandlar tett med dei andre funksjonane ved avsnittet, og har ansvar for å leie og koordinere analyseprosessar i heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden, samstundes som stillinga har ansvar for å utarbeide og presentere etterretningsprodukt.Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi ser etter ein motivert medarbeidar med fagleg tyngde og engasjement for etterretningsfaget. Vi ser etter deg som ynskjer å bidra til, og har gode refleksjoner rundt det førebyggjande perspektivet i all kriminalitetsinnsats. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, samstundes som du samhandlar godt med kollegaer. Det vektleggjast at medarbeidarar i stillingen må vere komfortabel med å presentera ulike produkt for leiargruppa og andre på bestilling.Som medarbeidar vil du samhandle tett med kollegaer i andre etterretningsmiljø, både lokalt, sentralt og eksternt. Vi ønskjer at vår nye medarbeidar har solid fagleg tyngde og kan vere ein bidragsytar til å heve kompetanse og vidareutvikle andre kollegaer.Vi ser etter motiverte søkjarar som er interesserte i å vere ein del av eit miljø som arbeidar aktivt for å identifisera ulike typar kriminalitetsutfordringar, og setje fokus på dette for å bidra til ein felles situasjonsforståing internt og eksternt.Vi søkjer ein medarbeidar som oppfyller våre krav til kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet som framstår profesjonelt i møte med kollegaer og samfunnet elles.Arbeidsoppgåver
- Innhente, omarbeide og analysere informasjon på ein- og fleirkjelde-nivå
- Leie og koordinere analyseprosessar
- Gjennomføre oppdragsanalyse, og ha oppdragsdialog med beslutningstakarar
- Vere i stand til å tenkje førebyggjing som primærstrategi for kriminalitetsnedkjemping
- Utarbeide samanstillinger/analyseprodukt
- Bidra til å beskytte politidistriktets informasjon, materiell og objekt
- Utføre kvalitetskontroll av informasjons- og etterretningsprodukt
- Delta i avsnittet sine arbeidsoppgaver i oppsatt struktur
- Vitnemål fra politiskule/politihøgskule
- For politioverbetjent må ein tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
- For politiførstebetjent må ein tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 3 år. Ved anna relevant bachelor kan heile eller deler av kravet fråvikast
- Brei politifagleg erfaring
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- God kunnskap om dataverktøy og spesielt datasystema til politiet
- Erfaring frå bruk av Indicia prosjektmodul
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering i forkant av eventuelt intervju.
- Relevant videreutdanning innan etterretning og/eller operativ krimanalyse blir vektlagt
- Kunnskap om førebyggjande politiarbeid blir vektlagt
- Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
- Andre språkkunnskaper er ein fordel
- Samarbeidsvillig
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- Evne til å identifisere, analysere og leggje fram informasjon på ein forståeleg måte
- Gode samarbeidsevner og evne til heilskapstenking- og handling
- Gode evner innan kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Gode analytiske evner
- Stillinga som politioverbetjent (spesialist) med funksjon som fleirkildeanalytikar SKO 0287 vert lønna frå 800 000,- brutto pr år
- Stillinga som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar SKO 0285 vert lønna frå 720 000,- brutto pr år
- Vidare lønnsutvikling skjer i tråd med hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Vest politidistrikt er ei IA-versemd
- Bedriftshelseteneste