Politioverbetjent/politiførstebetjent med funksjon som fleirkildeanalytikar

Nordland fylkeskommune Se alle jobber

  • Fyllingsdalen, Bergen
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Politioverbetjent/politiførstebetjent med funksjon som fleirkildeanalytikarBli med i Vest politidistrikt! Vi søkjer ein politioverbetjent til spanande oppdrag innan etterettningsanalyse.Om stillingaI Vest politidistrikt, for tida ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tjenesteeining Bergen vest, avsnitt for etterretning og koordinerende forebyggende, er det ei ledig stilling som politioverbetjent/politiførstebetjent med funksjon som fleirkildeanalytikar.
GDE Bergen, Askøy og Øygarden er organisert i fem politistasjonsdistrikt: Bergen sør, Bergen nord, Bergen vest, Bergen sentrum og Askøy og Øygarden.Stillinga er plassert ved Bergen vest politistasjonsdistrikt, under avsnitt for etterretning og koordinerande førebyggjng. Stillinga samhandlar tett med dei andre funksjonane ved avsnittet, og har ansvar for å leie og koordinere analyseprosessar i heile GDE Bergen, Askøy og Øygarden, samstundes som stillinga har ansvar for å utarbeide og presentere etterretningsprodukt.Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarArbeidsoppgåver
  • Innhente, omarbeide og analysere informasjon på ein- og fleirkjelde-nivå
  • Leie og koordinere analyseprosessar
  • Gjennomføre oppdragsanalyse, og ha oppdragsdialog med beslutningstakarar
  • Vere i stand til å tenkje førebyggjing som primærstrategi for kriminalitetsnedkjemping
  • Utarbeide samanstillinger/analyseprodukt
  • Bidra til å beskytte politidistriktets informasjon, materiell og objekt
  • Utføre kvalitetskontroll av informasjons- og etterretningsprodukt
  • Delta i avsnittet sine arbeidsoppgaver i oppsatt struktur
KvalifikasjonarDette må du ha for å være kvalifisert:
  • Vitnemål fra politiskule/politihøgskule
  • For politioverbetjent må ein tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
  • For politiførstebetjent må ein tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 3 år. Ved anna relevant bachelor kan heile eller deler av kravet fråvikast
  • Brei politifagleg erfaring
  • God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
  • God kunnskap om dataverktøy og spesielt datasystema til politiet
  • Erfaring frå bruk av Indicia prosjektmodul
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ynskjeleg med:
  • Relevant videreutdanning innan etterretning og/eller operativ krimanalyse blir vektlagt
  • Kunnskap om førebyggjande politiarbeid blir vektlagt
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
  • Andre språkkunnskaper er ein fordel
Personlege eigenskaparDette kan vi tilby om du vel oss
  • Stillinga som politioverbetjent (spesialist) med funksjon som fleirkildeanalytikar SKO 0287 vert lønna frå 800 000,- brutto pr år
  • Stillinga som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeidar SKO 0285 vert lønna frå 720 000,- brutto pr år
  • Vidare lønnsutvikling skjer i tråd med hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på
  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
  • Vest politidistrikt er ei IA-versemd
  • Bedriftshelseteneste
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten .Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.Slik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.Om ossVest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1310 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Nordland fylkeskommune