Kommunalsjef oppvekst og kultur

Sande kommune

  • Larsnes, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Om stillingaVi ser etter deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og utvikle Sande kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar frå 1. januar 2026. Som medlem i kommunedirektøren si leiargruppe, vil du ha medansvar for samla drift og utvikling av heile organisasjonen i Sande kommune.Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Vi søker ein toppleiar som har ambisjon om å skape det gode oppvekstmiljøet i lokalsamfunnet i lag med oss.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:07.09.2025Arbeidsgivar:Sande kommuneStad:LarsnesStillingstittel:Kommunalsjef oppvekst og kulturStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4986203634Sosial deling :ArbeidsoppgåverVi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde. Du er oppteken av at vi skal levere tenester av god kvalitet innanfor vedtekne budsjettrammer. Dette løyser du på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom involvering og bruk av eigen kompetanse. Kommunalsjefen har det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for sektoren. Du har ansvar for saksførebuing til politisk nivå og å følge opp politiske vedtak.Som kommunalsjef evnar du å leie ein organisasjon og sektor som stadig er i endring. Du er ein samlande, løysingsorientert og nytenkande leiar med gjennomføringskraft.Det er forventa at du som kommunalsjef har eit heilskapsfokus på arbeidet, og tek aktivt del i overordna kommunal planlegging og lokalsamfunnsutvikling. Du har eit aktivt forhold til samarbeid mellom kommunale og interkommunale einingar for å løyse dei utfordringane som ligg framfor oss. Tverrfagleg samarbeid er sentralt.Kvalifikasjonar
  • Søkjar må ha skulefagleg kompetanse, minimum bachelorgrad og vidareutdanning innan leiing
  • Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter knytt til sektoren sine ansvarsområde
  • Kunnskap om budsjett og kostnadsstyring primært innan offentleg verksemd
  • Leiarerfaring der du har hatt sjølvstendig ansvar for fag, personal og økonomi
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner, i tillegg til relevant digital kompetanse
  • Søkjaren må meistre nynorsk, sidan det er kommunen sitt administrasjonsmål
Personlege eigenskaparVi ynskjer at du:
  • er ein sterk og tydeleg leiar som evner å gjennomføre endringar med fokus på god tenestekvalitet til innbyggarane gjennom samla innsats
  • skaper engasjement, er løysingsorientert og fleksibel
  • medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • medverkar til eit godt partssamarbeid
  • har høg arbeidskapasitet, evnar å arbeide sjølvstendig og å prioritere
  • har god formidlingsevne, også når problemstillingane er komplekse
Vi tilbyr
  • Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
  • Ein spanande jobb med allsidige oppgåver
  • Deltaking i intern leiarutvikling
  • Deltaking i interkommunalt nettverk
  • Høve til etter- og vidareutdanning og fagleg oppdatering
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.1 Leiar Stillingskode:9440 KommunalsjefTilsetting i samsvar med gjeldande lov- forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.Adresse: Primær Fylkesveg 61, 6084 Larsnes, NorgeKontaktinformasjonRenathe Rossi AglenkommunedirektørE-post: renathe.rossi.aglen@sande.kommune.noOm arbeidsgivarenSande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30-45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.

Sande kommune

Lignende stillinger

  • Kommunalsjef oppvekst og kultur

    SANDEFJORD KOMMUNE SKOLE OG OPPVEKST ADMINISTASJON

    • Larsnes, Møre og Romsdal
    Vi ser etter deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og utvikle Sande kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar frå 1. januar 2026. S…
    • 15 dager siden
  • Kommunalsjef oppvekst og kultur

    Sande kommune

    • Larsnes, Møre og Romsdal
    Arbeidsoppgåver Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde. Du er oppteken av at vi skal levere tenester av god kvalitet innanfor vedtekne budsjettr…
    • 14 dager siden
  • Konsulent

    Trondheim kommune

    • Leinstrand, Møre og Romsdal
    Om stillingen På Nypvang skole er det ledig en fast 80 prosent stilling som konsulent. Nypvang skole er en barneskole med 163 elever. Vi ligger landlig til på Leinstrand, med s…
    • 1 dag siden