80% stilling som helsefagarbeidar ved Røldal pleie- og omsorg
Odda, Vestland
Midlertidlig
Deltid
3 dager siden
Ledige stillingar i Røldal pleie og omsorg80 % vikariat som helsefagarbeidar ved Røldal pleie og omsorg (svangerskapsvikariat) frå 3.september 2025 - 23.06.26Friluftshovudstaden Ullensvang er i utvikling. Turisme,landbruk og industri har stor vekst.Kommunen har omlag 10900 innbyggjarar , der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å gje gode tenester, vere ein god samfunnsutviklar , og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen.Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget.Vi treng no å ha deg med på laget.Om arbeidsplassenRøldal er fjellbygda i Ullensvang kommune.Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg.Me treng helsefagarbeidarar til heime tenestene i Røldal.Tenesta omfattar tenestemottakarar som bur heime.Tenesta har eit bukollektiv med 6 rom , 10 omsorgsbustader, 2 tenester for funksjonshemma og heimebuande.Me ønskjer at tenestemottakarane våre skal oppleve tryggleik, respekt og forutsigbarheit i tenesta me gjev. Samstundes ønskjer me at tenestemottakarane skal oppleve meistring og sjølvstende.Me er her til det beste for brukarane våre.Hoved arbeidsoppgåver:Tilsyn, stell og pleie og oppfølging av brukarane etter vedtak som stettar behov.Oppgåver knytt til legemiddelhandteringSvara på alle tryggleiksalarmarDokumentasjon i vårt journalsystem AidnForefallande arbeid på kjøkken, som feks tilbereding av måltidKvalifikasjonarAutorisert helsefagarbeiderGode kommunikasjonseigenskaparDigitale ferdigheiterSkriftleg og munntleg norskkunnskap eller flytande svenskPå laget vårt treng viFagleg interesseGodt humør og positiv innstillingFleksibel, strukturert, kreativ, og som ser løysingar framfor problemGode samarbeidsevner, sjølvstendig og som tek ansvarSunne verdiar og god moralMe tilbyrVarierte arbeidsoppgåverBra lønn etter hovudtariffavtalenKompetanseheving med støtte frå kommunenUllensvang kommune har ulike turnusordningar, gode permisjon og pensjonsvilkår og er IA bedrift (inkluderande arbeidsliv)KravPolitiattestFørarkort kasse BSletting av utdanningsgjeld/studielån:Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e-post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenRagnhild Helle+47 97558533 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriften- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49