100% stilling som fagleiar Røldal pleie og omsorg

ROLDAL PLEIE OG OMSORG

  • Odda, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Vil du være med og utvikla framtidas helsetenester i Røldal pleie og omsorg ?Vi søkjer fagleiar til heimebaserte tenesterVi har ledig ein variert og spennande 100% stilling som fagleiar ved Røldal pleie og omsorgStillingstype: 100% fast stillingStad: Røldal pleie og omsorg heimebaserte tenesterOm arbeidsplassenOm arbeidsplassenRøldal er fjellbygda i Ullensvang kommune.Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg.Me treng fagleiar til heime tenestene i Røldal. Det er ca 20 årsverk i tenesta.Tenesta har eit bukollektiv med 6 rom/brukarar , 10 omsorgsbustader, 2 tenester for funksjonshemma og heimebuande.Me ønskjer at tenestemottakarane våre skal oppleve tryggleik, respekt og forutsigbarheit i tenesta me gjev. Samstundes ønskjer me at tenestemottakarane skal oppleve meistring og sjølvstende.Me er her til det beste for brukarane våre.Om stillingaHeimebaserte tenester er i stadig utvikling og vi søkjer no etter ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar fagleiar til vår teneste. Du vil ha ei sentral rolle i det faglege arbeidet, sikra god kvalitet og vere ein god støttespelar for kollegaene dine.Som fagleiar får du ei nøkkelrolle i å sikre god fagleg kvalitet, og bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet vårt. Du vil samarbeide tett med verksemdsleiar, sjukepleiar,helsefagarbeidar og andre faggrupper, og være ein sentral ressurs i det tverrfaglege arbeidet.Du vil også jobbe klinisk i heimetenesta og bidra til god pasientoppfølgingStillinga er pr idag på dagtid 37,5t/v, men med atterhald at stillinga kan bli ein del av turnus med helgArbeidsoppgåverfagleg rettleiing av sjukepleiarar og anna helsepersonelloppfølging av kollegaerbidra til utvikling og implementering av faglege rutinar og prosedyrersamhandling med pårørande og andre samarbeidspartnarardeltaking i tverrfaglege møte og fagutviklingansvar for opplæring av nytilsette ,lærlingar og studentar/elevarklinisk arbeid i avdelingaoppfølging og kvalitetssikring og internkontrollKvalifikasjonarautorisasjon som sjukepleiarerfaring frå heimebaserte tenester er ein fordelvidareutdanning i geriatri, palliasjon og anna relevant fagområdeerfaring frå liknande arbeid eller leiarfunksjon er ønsktdigitale ferdigheitergode norskkunnskaper,både munnleg og skriftlegførarkort klasse BPersonlege eigenskaparfagleg trygg og engasjertevne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendiggode samarbeidsevner og relasjonskompetansestrukturert og løysingsorientertevne til å inspirere og motivere andrelikar å jobba i eit til tider hektisk og variert arbeidsmiljøVi tilbyrei meiningsfull stilling der du får vere med å utvikle framtidas helsetenestereit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljømogelegheit for fagleg utvikling og kursgod pensjonsordning gjennom KLPløn etter gjeldande tariffavtaleSletting av utdanningsgjeld/studielån:Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e-post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenRagnhild Helle+47 97558533 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriften- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49SektorOffentlig

ROLDAL PLEIE OG OMSORG