Matros - Open Søknad

Fjord1

  • Florø, Vestland Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaFjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!Er du matros og ynskjer å jobbe som vikar i friperiodar, eller er du pensjonist å vil ta nokon vakter i blant? Uansett grunn for at du vil jobbe som vikar så vil vi gjerne ha din søknad!
Her kan du legge inn søknaden din dersom dei andre stillingannonsene ikkje passar deg akkurat no.For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:
  • Kor i landet du ønskjer å jobbe
  • Kor ofte du ønskjer å jobbe
Alle søknadar blir behandla fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:SnarastArbeidsgivar:Fjord1 ASStillingstittel:Matros - Open søknad - vikarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:0Webcruiter-ID:4927630036Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utføre billettering, bruvakt og anna førefallande arbeid om bord
  • Alternere mellom arbeid på dekk og i maskin etter behov
  • Løyse arbeidsoppgåver pålagt av næraste overordna
  • Handtere oppgåver knytt til alarminstruks og beredskap
  • Delta i verne- og miljøarbeid for å sikre tryggleik og god drift
  • Sikre god kundehandsaming og service for passasjerane
Kven ser vi etter?For å jobbe som matros må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:
  • Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.Vi tilbyrSom vikar i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom mellom NHO Sjøfart og Sjømannsforbundet. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.Vi ser fram til å sjå søknaden din!Om arbeidsgivarenFjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Fjord1

Lignende stillinger

  • Salgsmedarbeidar Catering- Open Søknad - Vikar

    Fjord1

    • Florø, Vestland
    • Bergen, Vestland
    Om stillinga Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttranspor…
    • 1 måned siden
  • Maskinoffiser - Open Søknad

    Fjord1

    • Florø, Vestland
    • Bergen, Vestland
    Om stillinga Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttranspor…
    • 1 måned siden
  • Dekkssjef/ Overstyrmann M/S Dagning

    GULENSKYSS AS

    • Florø, Vestland
    Vi søker en engasjert og serviceinnstilt dekkssjef/overstyrmann til M/S Dagning, en toppmoderne kombikatamaran med hybrid batterielektrisk fremdrift. Fartøyet har en kapasitet på 7…
    • 6 timer siden