Salgsmedarbeidar Catering- Open Søknad - Vikar

Fjord1

  • Florø, Vestland Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaFjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!Her kan du legge inn søknaden din dersom dei andre stillingannonsene ikkje passar deg akkurat no.For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:
  • Kor i landet du ønskjer å jobbe
  • Kor ofte du ønskjer å jobbe
Alle søknadar blir behandla fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:SnarastArbeidsgivar:Fjord1 ASStillingstittel:Salgsmedarbeidar catering - Open søknadStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:0Webcruiter-ID:4995264484Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Kundebehandling
  • Produksjon og sal av mat i kiosk
  • Delta i reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
  • Varebestilling/varemottak
  • Andre relevante oppgåver
Kven ser vi etter?For å jobbe som salgsmedarbeidar catering må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:
  • Gyldig helseattest
  • Kurs i passasjer- og krisehåndtering
  • Beherske norsk godt muntleg og skriftleg
  • Det er ein fordel om du beherskar engelsk muntleg
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og takle hektiske arbeidsdager
Personlege eigenskapar
  • Serviceinnstilt
  • Fokus på gode kundeopplevingar
  • Smilande og med eit godt humør
  • God til å jobbe sjølvstendig
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyrSom vikar i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom mellom NHO Sjøfart og Sjømannsforbundet. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.Vi ser fram til å sjå søknaden din!Om arbeidsgivarenFjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Fjord1

Lignende stillinger

  • Maskinoffiser - Open Søknad

    Fjord1

    • Florø, Vestland
    • Bergen, Vestland
    Om stillinga Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttranspor…
    • 1 måned siden
  • Matros - Open Søknad

    Fjord1

    • Florø, Vestland
    • Bergen, Vestland
    Om stillinga Fjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttranspor…
    • 1 måned siden