
Vikariat Brannmeister - 100% stilling
- Stranda, Møre og Romsdal
- Midlertidlig
- Fulltid
Stillinga inneber arbeid i samarbeidskommunane.
Som brannmeister er du ein viktig motivator for å oppretthalde og auke sikkerheita til innbyggarane med tanke på brann og ulukkesvern.
Om du i tillegg er interessert i å vere ein del av kommunane sitt aller viktigaste arbeidsområde, då kan det hende du er den rette person for stillinga.
Den som vert tilsett må delta i overordna vakt (01-vakt) i brannsamarbeidet.Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:11.09.2025Arbeidsgivar:Stranda kommuneStillingstittel:BrannmeisterStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5008766974Startdato:01.10.2025Sluttdato:30.09.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Utarbeide, vedlikehalde og kvalitetssikre ROS-analyser, beredskapsanalyser, innsatsplanar, vaktplanar, øvingsplanar m.m. beredskapsplanlegging
- Gjennomføre internopplæring og øvelsar med brannmannskapet. Her må påreknast ein del overtidsarbeid
- Planlegging og gjennomføring av øvingar og opplæring med øvrige naudetatar og andre samvirkeaktørar
- Ansvar for kontroll og vedlikehald av brann- og redningsvesenets bygningar og utstyr i samarbeidskommunane
- Ansvar for materiellanskaffelsar
- Ansvar for at mannskap gjennomfører helseundersøkingar og fysisk test
- Ansvar for FDV-system og internkontroll
- Sørge for at relevante hendingar og øvelsar vert evaluert
- Gjennomføring av kurs og opplæring av eksterne
- Andre brannrelaterte arbeidsoppgåver må påreknast
- Den tilsette må innrette seg etter ei kvar tid gjeldande vaktordning
- Stillinga kan bli tillagt funksjon som "brannsjefefen sin stedfortreder"
- Sertifikat klasse B og kode 160. Det er ynskjeleg at søkjar innehar sertifikat klasse C.
- Gode datakunnskapar, samt god skriftlig og munnleg framstillingsevne på norsk
- Det er ynskjeleg med kunnskap om vedlikehald av brannmateriell (mekaniker, elektro e.l.)
- Kjennskap til øvrige samarbeidspartnarar
- Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar og kor godt skikka ein er for stillinga
- Kunne jobbe systematisk og målretta, også i krevjande situasjonar med stort fokus på sikkerheit
- Engasjert og løysingsorientert
- Godt humør og gode sosiale eigenskapar
- Vise engasjement, kreativitet, positivitet og serviceinnstilling
- Lønn etter Hovedtariffavtalen og særavtalar
- Tverrfaglig miljø og nettverk
- Spennende arbeidsoppgåver med gode utviklingsmuligheiter
- Moglegheit til å påvirke i ei verksemd som bygger på et arbeidsmiljø med kommunene sine verdiar
- Ein aktiv arbeidskvardag og god kontakt med ulike menneske
- Moglegheitar til å utvikle din eigen arbeidsplass
- Del av eitt brannførebyggande team