Vikariat Brannmeister - 100% stilling

Stranda kommune

  • Stranda, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 5 dager siden
Vikariat Brannmeister - 100% stilling Næring - kommunalteknikk, Stranda kommuneOm stillingaStranda kommune og Fjord kommune har etablert eit samarbeid innan brann og redning, og har bygd opp ein organisasjon for leiing av brann- og redningsvesenet, og utføring av lovpålagde oppgåver. Det er totalt om lag 90 tilsette i brann- og redningsvesenet i dei to kommunane.Det er ledig vikariat i 100% stilling som brannmeister for tidsrommet 01.10.2025 - 30.09.2026
Stillinga inneber arbeid i samarbeidskommunane.
Som brannmeister er du ein viktig motivator for å oppretthalde og auke sikkerheita til innbyggarane med tanke på brann og ulukkesvern.
Om du i tillegg er interessert i å vere ein del av kommunane sitt aller viktigaste arbeidsområde, då kan det hende du er den rette person for stillinga.
Den som vert tilsett må delta i overordna vakt (01-vakt) i brannsamarbeidet.Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:11.09.2025Arbeidsgivar:Stranda kommuneStillingstittel:BrannmeisterStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5008766974Startdato:01.10.2025Sluttdato:30.09.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utarbeide, vedlikehalde og kvalitetssikre ROS-analyser, beredskapsanalyser, innsatsplanar, vaktplanar, øvingsplanar m.m. beredskapsplanlegging
  • Gjennomføre internopplæring og øvelsar med brannmannskapet. Her må påreknast ein del overtidsarbeid
  • Planlegging og gjennomføring av øvingar og opplæring med øvrige naudetatar og andre samvirkeaktørar
  • Ansvar for kontroll og vedlikehald av brann- og redningsvesenets bygningar og utstyr i samarbeidskommunane
  • Ansvar for materiellanskaffelsar
  • Ansvar for at mannskap gjennomfører helseundersøkingar og fysisk test
  • Ansvar for FDV-system og internkontroll
  • Sørge for at relevante hendingar og øvelsar vert evaluert
  • Gjennomføring av kurs og opplæring av eksterne
  • Andre brannrelaterte arbeidsoppgåver må påreknast
  • Den tilsette må innrette seg etter ei kvar tid gjeldande vaktordning
  • Stillinga kan bli tillagt funksjon som "brannsjefefen sin stedfortreder"
Kvalifikasjonar
  • Sertifikat klasse B og kode 160. Det er ynskjeleg at søkjar innehar sertifikat klasse C.
  • Gode datakunnskapar, samt god skriftlig og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Det er ynskjeleg med kunnskap om vedlikehald av brannmateriell (mekaniker, elektro e.l.)
  • Kjennskap til øvrige samarbeidspartnarar
Brannmeister må fortrinnsvis oppfylle krav, jfr brann- og redningsvesenforskriften § 42 og 44Personlege eigenskapar
  • Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar og kor godt skikka ein er for stillinga
  • Kunne jobbe systematisk og målretta, også i krevjande situasjonar med stort fokus på sikkerheit
  • Engasjert og løysingsorientert
  • Godt humør og gode sosiale eigenskapar
  • Vise engasjement, kreativitet, positivitet og serviceinnstilling
Vi tilbyr
  • Lønn etter Hovedtariffavtalen og særavtalar
  • Tverrfaglig miljø og nettverk
  • Spennende arbeidsoppgåver med gode utviklingsmuligheiter
  • Moglegheit til å påvirke i ei verksemd som bygger på et arbeidsmiljø med kommunene sine verdiar
  • Ein aktiv arbeidskvardag og god kontakt med ulike menneske
  • Moglegheitar til å utvikle din eigen arbeidsplass
  • Del av eitt brannførebyggande team
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.Adresse: Øyna 13, 6200 Stranda, Norge

Stranda kommune

Lignende stillinger

  • Vikariat Brannmeister - 100% stilling

    Stranda kommune

    • Stranda, Møre og Romsdal
    Om stillinga Stranda kommune og Fjord kommune har etablert eit samarbeid innan brann og redning, og har bygd opp ein organisasjon for leiing av brann- og redningsvesenet, og utfø…
    • 5 dager siden
  • Vikariat Brannmeister - 100% stilling

    Stranda kommune

    • Stranda, Møre og Romsdal
    Stranda kommune og Fjord kommune har etablert eit samarbeid innan brann og redning, og har bygd opp ein organisasjon for leiing av brann- og redningsvesenet, og utføring av lovpåla…
    • 6 dager siden
  • Barnehagestyrar - 100% vikariat

    Sykkylven kommune

    • Sykkylven, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vikedalen barnehage har ledig eit vikariat som styrar i 100% stilling fram til desember 2026. Stillinga er delt med 40% administrasjon og 60% på avdeling. Styrar er …
    • 13 dager siden