Ph.d.-stipendiat i uorganisk kjemi og katalyse
Universitetet i Bergen
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Arbeidet vil primært fokusere på syntese og påfølgjande katalysetesting. I første omgang vil fokus vere på designe og syntetisere koordinasjonskompleks og/eller organometalliske katalysatorar i kombinasjon med polyoksometalat. Eit viktig aspekt vil vere utvikling av veleigna kation, inkludert ioniske væsker, for utvikling av katalysatorer med kontrollert løysingsevne.
- Det overordna målet er å utvikle effektive katalysatorar for produksjon av berekraftige polymerar, der CO2 skal brukast som ein av råvarene.
- Dei som blir tilsett skal designe, syntetisere og karakterisere hybride organisk-uorganiske sambindingar, som er potensielle katalysatorar for effektiv og selektiv konvertering av epoksid og CO2 til polykarbonat.
- Sambindingane skal testast systematisk i standardprosessar for epoksid/CO2- kopolymerisering, og deretter i prosessar med fornybare epoksid for ein meir miljøvennleg produksjon av plast.
- Dei som blir tilsett inngå i ei forskingsgruppe, og vil jobbe saman med forskarar, PhD-, MSc- og BSc-studentar.
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30.06.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Søkjarar må ha ein dokumentert solid bakgrunn i organometallisk kjemi eller hybride polyoksometalat, med vekt på syntetiske metodar og val av eksperimentelle parameter. Det er ein fordel å ha dokumentert kompetanse i begge.
- Dokumentert solid erfaring med minst éin av følgjande analytiske teknikkar for strukturkarakterisering er eit krav; NMR-spektroskopi, éinkrystall røntgenkrystallografi eller massespektrometri.
- Erfaring med design, syntese og karakterisering av ioniske væsker er ein føremon.
- Erfaring med homogen katalyse er ein føremon.
- Erfaring med andre analytiske teknikkar som IR, GC, GC-MS, og elementanalyse er ein føremon.
- Kunnskapar i norsk er ein føremon.
- Søkjarar må ha:
- gode evner til kritisk tenking og skriving.
- evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
- gode kunnskapar i engelsk både skriftleg og munnleg.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.For stillinga gjeldt følgandeOm stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- g
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV.
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30.06.2024.
- relevante attestar.
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.
- eventuelle publikasjonar