Stipendiat i den tidlige arkeiske terrestriske svovelsyklusen

Universitetet i Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Stipendiat i den tidlige arkeiske terrestriske svovelsyklusenUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i den tidlige arkeiske terrestriske svovelsyklusenVed er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i den tidlege arkeiske terrestriske svovelsyklusen. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til .Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Svovel har vore eit nøkkelelement i å forstå jordas overflateforhold gjennom geologisk tid. Den er bevart i bergarten i både oksidert (sulfat) og redusert (sulfid) form, og atmosfæriske, kjemiske og biologiske redoksreaksjonar gir karakteristiske endringar i stabile svovelisotopforhold som kan sporast i bergartar heilt tilbake til den arkeiske eon. Svovelisotopar har vorte brukte for å spora svovelsykling i arkeiske marine omgivnader, men relativt lite er kjent om kystnære og terrestriske miljø. Svovelisotopar på desse stadene er forventa å betra fanga opp atmosfæriske prosessar så vel som mikrobielle metabolismar under forhøgd tilførsel av næringsstoff frå land, og gi ei viktig samanlikning for arkeiske marine svovelisotopar.Denne doktorgradsstillinga er dedikert til å auka forståinga vår av den tidlege arkeiske terrestriske svovelsyklusen. Prosjektet vil primært bruka prøver frå 3.2 Ga Moodies Group i den Barberton Greenstone Belt, Sør-Afrika som er oppnådd gjennom vitskapleg boring i ICDP-prosjektet Barberton Archean Surface Environments (BASE). Den vellykka kandidaten vil bruka bulk- og mikroanalytiske teknikkar for å innhenta svovelisotopdata frå sulfat- og sulfidmineral i borekjernemateriale, og vil utfylla dette med petrografisk arbeid og observasjonar gjort under feltarbeid i Sør-Afrika.Kandidaten vil bli rettleidd av eit internasjonalt team av forskarar frå Universitetet i Bergen (Dr. Desiree Roerdink, hovudvegleiar), Utrecht University (Prof. Paul Mason) og Naturalis Biodiversity Center (Dr. Mark van Zuilen) i Nederland. I tillegg vil kandidaten bli introdusert for eit stort nettverk av arkeiske forskarar gjennom BASE.Det er planlagt at analytisk arbeid og feltarbeid blir gjennomført i utlandet. Det vil derfor vere behov for gjennomføring av reiser i korte periodar i løpet av prosjektperioden for å gjennomføre prosjektet.På grunn av planlagde feltkampanjar er føretrekt startdato seinast innan 01.07.2024.Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap, med fordjuping i geokjemi, mineralogi, petrologi eller tilsvarande. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.05.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Demonstrert kompetanse innan stabil isotopgeokjemi er eit krav.
  • Erfaring med geologisk feltarbeid som involverer sedimentologi og/eller dronekartlegging er ein føremon.
  • Erfaring med mikroanalytiske teknikkar som EMPA, SEM eller mikro-CT-skanning er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert og visa gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk både skriftleg og munnleg i vitskapelige miljø (presentasjonar, publikasjonar).
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.For stillinga gjeldt følgande:Om stillinga som ph.d.-stipendiatSamla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du ved Universitetet i Bergen.Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ein kort tekst som beskriv erfaringa di med stabil isotopgeokjemi (til dømes kurs teke, oppgåvearbeid)
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.05.2024.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.
) * eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Desiree Roerdink, Institutt for geovitenskap, UiB, e-post: , +47 55 58 38 59.For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Chris-André Karlsen Østevold, e-mail: .Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen .Livet som ph.d.-kandidat ved UiBAstrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.Kunnskap som formar samfunnetUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. og

Universitetet i Bergen

Lignende stillinger

  • Stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi

    Universitetet i Bergen

    • Bergen, Vestland
    Stipendiat i hydrotermisk biogeokjemi UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til e…
    • 20 dager siden
  • Stipendiat i terrestrisk økologi

    Universitetet i Bergen

    • Bergen, Vestland
    Stipendiat i terrestrisk økologi. UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit s…
    • 1 måned siden