Fast 100% stilling- Helsefagarbeider

  • Sauland, Vestfold og Telemark
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Vi har for tida ledige faste stillinger som som Helsefagarbeider!!100% fast stilling!Interessant? Da håpar vi du les vidare!Korleis er det på Hjartdal Omsorgssenter?Hjartdal kommune fekk nytt omsorgssenter i 2020.Vi har 4 avdelingar på omsorgssenteret, med 18 institusjonsplassar, 1 KAD-plass samt 8 omsorgsplassar.På omsorgssenteret har og Heimetenesta base, som skapar eit godt samarbeid mellom einingane.Vi har eit fullproduksjon kjøkken i same bygg, som lagar måltida til dei på institusjon og dei som bur heime.På onsdagar er det open kafé inne på omsorgssenteret, som er eit tilbod for alle, og her kan ein kjøpe seg ein betre lunsj.Heimetenesta har også base ved Hjartdal Omsorgssenter.Vi meiner at samhald, positivitet og samarbeid er viktige verdiar, og vi tenkjer det gjer oss til ein av norges beste arbeidsplassar!Får vi deg med på laget?Dette tilbyr vi deg
  • Høgt fagleg fokus, gode og riktige utfordringar for nettopp deg
  • Moglegheit for å vera med på å påvirke din eigen arbeidskvardag
  • Arbeid i turnus, med arbeid 3.kvar helg, moglegheit for langvakter i 4.kvar helg.
  • Vi tek godt vare på våre ansatte!
Konkurransedyktige ordningar for deg som tilsett
  • Du blir tilsett basert på gjeldande lovar, reglement og tariffavtaler.
  • God forsikrings- og pensjonsordning
Vi trur dette er deg
  • Positiv og løysingsorientera
  • Arbeidssam og bidragsgivande
  • Endringsvillig og glad i utfordringar
  • Klar for å læra nye ting
Kompetansekrav
  • Helsefagarbeider m/autorisasjon (HPR-nr)
  • Gode norskkunnskaper
Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over
  • Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
  • Prøvetida di er på 6 månadar.
  • Blir du tilsett, må du leggje fram gyldig politiattest og HPR nummer (autorisasjonsnummer)
  • Skal du bli tilsett, må du vere personleg eigna for stillinga.
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenRoar Spangelid+47 35028070Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til Hjartdal - det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.

NAV

Lignende stillinger

  • 75% fast stilling som Helsefagarbeider - nattevakt

    • Sauland, Vestfold og Telemark
    Vi har for tida ledig 75% fast stilling i vårt felles natt-team, med base ved Hjartdal Omsorgssenter! Interessant? Da håpar vi du les vidare! Korleis er det på Hjartdal Omsorgs…
    • 14 dager siden
  • Helsefagarbeider

    Sykehuset Telemark

    • Notodden, Vestfold og Telemark
    Om stillingen Vi søker en engasjert helsefagarbeider til medisinsk sengepost på Notodden! Er du helsefagarbeider med hjerte for pasientomsorg og trives med nattarbeid? Da kan d…
    • 6 dager siden
  • Helsefagarbeider

    SYKEHUSET TELEMARK HF NOTODDEN - SOMATIKK

    • Notodden, Vestfold og Telemark
    Vi søker en engasjert helsefagarbeider til medisinsk sengepost på Notodden! Er du helsefagarbeider med hjerte for pasientomsorg og trives med nattarbeid? Da kan dette være drømme…
    • 7 dager siden