75% fast stilling som Helsefagarbeider - nattevakt
- Sauland, Vestfold og Telemark
- Fast
- Deltid
- Høgt fagleg fokus, gode og riktige utfordringar for nettopp deg
- Møtetid innbaka i turnus
- Moglegheit for å vera med på å påvirke din eigen arbeidskvardag
- Arbeid i turnus, med arbeid 3.kvar helg
- Vi tek godt vare på våre ansatte!
- Du blir tilsett basert på gjeldande lovar, reglement og tariffavtaler.
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Positiv og løysingsorientera
- Arbeidssam og bidragsgivande
- Endringsvillig og glad i utfordringar
- Klar for å læra nye ting
- Helsefagarbeider m/autorisasjon (HPR-nr)
- Gode norskkunnskaper
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
- Prøvetida di er på 6 månadar.
- Blir du tilsett, må du leggje fram gyldig politiattest og HPR nummer (autorisasjonsnummer)
- Skal du bli tilsett, må du vere personleg eigna for stillinga.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenRoar Spangelid+47 415 54 364 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til Hjartdal - det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.