
Tilkallingsvikar
- Vinje, Vestfold og Telemark
- Midlertidlig
- Fulltid
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.For skuleåret 2025-2026 har me behov for tilkallingsvikarar, både i skule og SFO. Me søkjer etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, som vil jobbe hjå oss.
Dette er ei open utlysing og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale. Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt på skulen.Velkomen som søkjar!Arbeidsoppgåver
- Tilkallingsvikar ved kortare og lengre fråver
- Undervisning på 1.-7. trinn
- Aktivt bidra til å byggje laget kring elevane
- Delta på relevante møte
- Delta på skulens utviklingsarbeid
- Assistent på SFO i SFO si opningstid, og i feriar
- Andre relevante oppgåver i skulen, som til dømes inspeksjon
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne med godkjent utdanning, men dette er ikkje eit krav til stillinga
- Det er ein fordel om du har jobba på skule tidlegare, men alle er i utgangspunktet velkomne til å søkje på stillinga
- Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar
- Du likar å vera aktivt med i samhandling, aktivitetar og leik
- Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
- Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
- Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
- Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
- For lærarvikarar må du planleggje og gjennomføre undervisning
- Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
- Du likar å arbeide i team, dele kompetanse og bidra til gode og trygge rammer kring elevane
- Du likar å lære nye oppgåver
- Ivrige og engasjerte elevar.
- Fagleg dyktige kollegaer med godt humør og stor takhøgde.
- Gratis skulemat, og kostpris for tilsette.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Kontaktinformasjon Maria Bruleite Bjåen, Verksemdsleiar, 91719899,Arbeidsstad Øyfjellvegen 928
3890 VinjeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5006846182
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 25.09.2025
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 01.12.2025Kontaktperson for stillingenMaria Bruleite BjåenVerksemdsleiar91719899Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenMe ynskjer deg velkomen til Vinje!Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.Me håpar du vil trivast hjå oss!SektorOffentlig