Tilkallingsvikar

Vinje kommune

  • Vinje, Vestfold og Telemark
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Om stillingaVil du vere tilkallingsvikar i barnehagen ved Øyfjell oppvekstsenter?Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte. Me er omlag 20 barn i barnehagen og 32 elevar i skulen.
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.For barnehageåret 2025-2026 har me behov for tilkallingsvikarar i barnehagen. Me søkjer etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, som vil jobbe hjå oss.
Dette er ei open utlysing og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale. Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt.Velkomen som søkjar!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.12.2025Arbeidsgivar:Vinje kommuneStad:VinjeStillingstittel:TilkallingsvikarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5006936680Startdato:15.09.2025Sluttdato:31.07.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Tilkallingsvikar ved kortare og lengre fråver.
  • Delta i barna sin leik og aktivitet, ute og inne.
  • Vere medansvarleg for barna sin heilskaplege trivsel og utvikling.
  • Delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdeling.
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna.
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen.
  • Bidra til godt samarbeid med kollegaer og føresette.
  • Bidra til at barnehagen har godt omdømme.
Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne med godkjent utdanning, men dette er ikkje eit krav til stillinga.
  • Det er ein fordel om du har jobba i barnehage tidlegare, men alle er i utgangspunktet velkomne til å søkje på stillinga.
Personlege eigenskapar
  • Du er engasjert og tek initiativ.
  • Du er fleksibel og finn løysingar.
  • Du har godt humør, er raus og trivast saman med barn.
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, barn og føresette.
  • Du er glad i aktivitet, både inne og ute.
  • Du trivast i ein hektisk kvardag.
  • Du stiller presis og førebudd til barnehagedagen.
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
  • Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitet.
  • Varierte og spennande utfordringar.
  • Ein arbeidsplass prega av humor og glede.
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Adresse: Kyrkjevegen 25, 3890 Vinje, NorgeKontaktinformasjonUnni KristensenAss. verksemdsleiarE-post: unni.kristensen@vinje.kommune.noMaria Bruleite BjåenVerksemdsleiarE-post: maria.bjaaen@vinje.kommune.noOm arbeidsgivarenMe ynskjer deg velkomen til Vinje!Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.Me håpar du vil trivast hjå oss!

Vinje kommune

Lignende stillinger

  • Tilkallingsvikar

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Om stillinga Vil du vere tilkallingsvikar ved skulen på Øyfjell oppvekstsenter? Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i …
    • 10 dager siden
  • Tilkallingsvikar

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Vil du vere tilkallingsvikar i barnehagen ved Øyfjell oppvekstsenter? Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje …
    • 10 dager siden
  • Tilkallingsvikar

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Vil du vere tilkallingsvikar ved skulen på Øyfjell oppvekstsenter? Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kom…
    • 10 dager siden