
Sjukepleiar/Vernepleiar
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Deltid
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre er ein fylkesdekkjande sikkerheitsseksjon som tek imot pasientar med samansette utfordringar innan psykisk helse, rus- og voldsproblematikk. Seksjonen har eit tett og nært samarbeid med andre seksjonar i avdelinga, Sikkerhetspsykiatri SNR, med Regional Sikkerhetsavdeling Østmarka og med førstelinjetenesta.Ved Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre arbeidar vi tett saman i tverrfaglege team med fokus på pasient- og personalsikkerheit. Arbeidet består i oppfølging av pasientar inne i seksjonen og poliklinisk ambulant verksemd. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med god fordeling av kjønn og med stort aldersspenn, høg tverrfagleg kompetanse innan målområdet og tydeleg fagleg fokus.Vi tilbyr f.t. langvakter 12,5 time med arbeid kvar 4. helg.Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Deltaking og rettleiing i aktivitetstilboda til pasientane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Fylgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt og medisinansvar med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)
- Autorisert sjukepleiar/vernepleiar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring fra psykiatri er ein fordel, men ikkje noko krav
- Du har evne til å jobbe langsiktig og strategisk
- Du har evne til å stå i krevjande situasjonar
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer mykje i organisasjonen vår
- Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggjer
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du er godt fysisk og psykisk eigna til stillinga
- Du er strukturert, ansvarbevisst og trivast med å arbeide i team
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
6017 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5008422963
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2025Kontaktperson for stillingenEirik Harnes GiskeSeksjonsleiar46 95 32 02Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted