
Sjukepleiar/Vernepleiar
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre er ein fylkesdekkjande sikkerheitsseksjon som tek imot pasientar med samansette utfordringar innan psykisk helse, rus- og voldsproblematikk. Seksjonen har eit tett og nært samarbeid med andre seksjonar i avdelinga, Sikkerhetspsykiatri SNR, med Regional Sikkerhetsavdeling Østmarka og med førstelinjetenesta.Ved Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre arbeidar vi tett saman i tverrfaglege team med fokus på pasient- og personalsikkerheit. Arbeidet består i oppfølging av pasientar inne i seksjonen og poliklinisk ambulant verksemd. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med god fordeling av kjønn og med stort aldersspenn, høg tverrfagleg kompetanse innan målområdet og tydeleg fagleg fokus.Vi tilbyr f.t. langvakter 12,5 time med arbeid kvar 4. helg.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:17.09.2025Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStillingstittel:Sykepleier/VernepleierStillingar:2Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:80Webcruiter-ID:5008422963Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Deltaking og rettleiing i aktivitetstilboda til pasientane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Fylgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt og medisinansvar med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)
- Autorisert sjukepleiar/vernepleiar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring fra psykiatri er ein fordel, men ikkje noko krav
- Du har evne til å jobbe langsiktig og strategisk
- Du har evne til å stå i krevjande situasjonar
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer mykje i organisasjonen vår
- Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggjer
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du er godt fysisk og psykisk eigna til stillinga
- Du er strukturert, ansvarbevisst og trivast med å arbeide i team
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår