Har du eit brennande hjarta for kultur og aktivitet? Er du uredd og ansvarsmedviten? Er du motivert for å skapa buglede i kommunen vår? Vi treng positive og inkluderande sjeler til Kvinnherad Arena og Kulturhuset Husnes.Til Kvinnherad kommune si avdeling «Kulturarena» søker vi etter deg som vil jobbe med kultur og aktivitet. Avdelinga har to lokasjonar som vert drifta saman; Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena.Delar av kommunen sine kulturtenester er under omorganisering. Denne stillinga er ny og kjem som eit resultat av dette.Vi søker etter medarbeidar(ar) inntil ei samla ramme på 100 % stillingsressurs. Det kan vera ei full stilling på 100%, eller to deltidsstillingar. Kommunen har heiltid som føretrekt løysing. Men nyttar også deltid etter vurdering av tilsette sine ønske og behov og naudsynt fleksibilitet i tenestene. Skriv difor i søknaden kva stillingsstorleik som er ønskjeleg og passar deg best, og i kva grad du er fleksibel om dette.Hovudsakleg vil denne stillinga ha arbeidsstad i Kvinnherad Arena, men også tidvis i Kulturhuset Husnes. Til kulturtenestene våre ligg også oppgåver som må gjerast på kveld og i helg, og det kan vere variasjonar etter årstider, ferietider og anna.Avdeling Kulturarena skal tilby:kroppsøvingslokale for skuleelevar og barnehagebarn i områdetarrangementsstader for, og samarbeid med, lag, foreiningar og næringslivsosiale møteplassar og viktige brikker i barns oppvekstvilkåroasar for fysisk og kulturell utfalding for barn og vaksnearrangement, film og kinokulturelle storstoverfasilitetar for breiddeidrett og toppidrettressursar for kommunale tenester ellesDu skal, saman med dei andre tilsette, omsetje måla til praktisk handling.Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:teknisk oppfølging, booking og utleigemedansvar for planlegging, programmering og gjennomføring av tilbodahalde god kontakt med brukarar, samarbeidspartnarar og fagmiljøvere godt vertskap og ein god medspelarbygge aktivitet som t.d. kultur- og idrettsarrangement, møte, konferansar mm.koordinere med andre kommunale tenestervere med å vidareutvikle aktivitetar, organisering og lokalavera arrangementsansvarleg og kontaktpersonopplæring og oppfølging av kundarservering og salØnskte kvalifikasjonar:relevant fagkompetanse eller utdanning (arbeidserfaring og anna kunnskap kan vege opp for manglande utdanning)relevant arbeidserfaring (t.d. koordinering/vertskap/servering/arrangør/driftsoperatør)god kjennskap og erfaring frå kulturliv og idrettsrørslekjennskap til aktivitetsbiletet i Kvinnherad Arena og Kulturhuset Husnesgode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk, og skriv godt nynorskførarkort klasse B og evt. truckførarprovØnskte personlege eigenskapar:stort engasjement og sterk motivasjonein iverksetjar og relasjonsbyggjar, diplomatisk og sterk på samarbeidtrivst med å vera synleg og er entusiastisk og kontaktskapandekreativ, løysingsorientert og ansvarsfullfleksibel når det gjeld arbeidstidkunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar der det trengsVi tilbyr:ei sjølvstendig, spanande og utfordrande stillingvarierte og interessante arbeidsoppgåverfleksibel arbeidstidløn etter kvalifikasjonar og avtalegode pensjons- og forsikringsordningardekking av flytteutgifter etter nærare reglar.Arbeidsstaden er for tida Kvinnherad Arena, Husnes. Men også tidvis Kulturhuset Husnes.Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenAnders Daidalos Dahle+47 41661666 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenKvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.SektorOffentlig