Vi søkjer ein helsefagarbeidar i 100 % fast stilling.Er du ein helsefagarbeidar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg.Årsturnus, 2 -delt turnus. Arbeid ute og i bufellesskapEksterne søkjarar kan få eit rekrutteringstilskot på kr 50 000 (eingongsutbetaling) og må binde seg til Kvinnherad kommune i 2 år.Velferdsteknologi er ein del av vår kvardag, og vi held på med prosjekt "kamerabasert tilsyn".Ps: Ny ordning for sletting av studielån - no startar oppteningaFrå i dag startar det: Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.I Kvinnherad får du mykje meir enn ein jobb:
Billig barnehageplass - berre 500 kr/mnd
Gratis SFO
Mange flotte skular og barnehagar rundt om i kommunen. Hatlestrand skule er 1-10 skule og har heildagskule og i Ølve har vi Ølve montessoriskule, 1-7 skule. På Hatlestrand har vi Strand-Ulv hallen med aktiviteter for store og små samt innomhus basseng. Både i Ølve og på Hatlestrand har vi flotte uteanlegg med sandvolleyball og fotballbane. Det er barnehagar både på Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy. Les meir på
Trygt og godt oppvekstmiljø for barn og unge
25 000 kr i studielånslettelse per år når du bur her
Du får natur i verdsklasse, fjord, fjell og frisk luft rett utanfor døra
Vi derimot… manglar deg!Arbeidsoppgåver:
Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
Heilheitleg omsorg og pleie
Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
Dokumentasjon av tenestane vi yt
Legemiddelhandtering
Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Norskkunnskap, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaper
Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
Ha gode evner til kommunikasjon
Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Ha førarkort
Positiv
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av
. * Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her:Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenEllen Korsvold+47 95768175 Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenKvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.SektorOffentlig