Psykiater/overlege

Helse Møre og Romsdal

  • Kristiansund, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Om stillingaVil du bli vår nye kollega?Vi har ledig 100 % fast stilling for spesialist i voksenpsykiatri ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund.Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Poliklinikken har behov for å videreutvikle sin kompetanse på fleire ulike områder. For tida er aktuelle satsningsområder videreutvikling av kompetanse på psykoselidingar, traumelidingar, spiseforstyrring og behandling av samansette rus og psykiske lidingar (ROP). Kompetanse på behandling av andre lidingar innen psykisk helsevern er også ønskjeleg.Poliklinikken har i dag 55,5 stillingar og er ein almennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 6 stillingar for overlege/psykiater. Vi har organisert verksemda i fleire ulike team. Desse er eit almenpsykiatrisk team, eit oppfølgingsteam (psykoseproblematikk), eit ROP team og eit avklaring- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team. Begge desse er lokalisert utanfor poliklinikken.Vi ønskjer å gå i dialog med dei som vert tilsett i forhold til deira sine preferansar om teamtilknyting, og hvilke fagområde ein ønskjer å jobbe vidare med. Vi er ein poliklinikk i endring, og du vil med å jobbe her få store mogelegheiter for å vere med å vidareutvikle det polikliniske tilbodet.Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:05.05.2024Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:KristiansundStillingstittel:Psykiater/overlegeStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4798311953Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Avklaring, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar, for tida i allmennteam.
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Oppfølging av enkelte pasientar på TUD
  • Samhandling med kommunale tenester og samarbeid med andre seksjonar i klinikken
  • Deltaking i kvalitetsforbedringsarbeid
  • Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta, studentar, andre tilsette i poliklinikken og legar i spesialisering
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet
Kvalifikasjonar
  • Godkjent spesialist i psykiatri
  • Annen relevant spesialitet
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid
  • LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning
Personlege eigenskapar
  • Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg ved godkjent spesialisering
  • Internundervisning og mogelegheit for vidare- og etterutdanning
  • Deltaking på internasjonale kongressar
  • Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar
  • Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten
  • For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mye natur å by på, varierte turmuligheter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innenfor klatring og friluftsliv og det er nylig etablert et innendørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim.Les meir om Kristiansund og Nordmøre her |
InstagramAdresse: Hagan 9, 6516 KristiansundKontaktinformasjonJørgen LægreidSeksjonsleiarE-post: Jorgen.Legreid@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal

Lignende stillinger

  • Lege i spesialisering innan psykiatri

    Helse Møre og Romsdal

    • Kristiansund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du vere med på laget vårt? DPS Kristiansund poliklinikk har ledig vikariat for lege i spesialisering innan psykiatri frå 01.09.2024, med varigheit i 1 år. Opps…
    • 20 dager siden