Lege i spesialisering innan psykiatri

Helse Møre og Romsdal

  • Kristiansund, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 20 dager siden
Om stillingaVil du vere med på laget vårt?DPS Kristiansund poliklinikk har ledig vikariat for lege i spesialisering innan psykiatri frå 01.09.2024, med varigheit i 1 år. Oppstart før 01.09.24 kan vere aktuelt dersom du ønskjer dette.For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane i Kristiansund og Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:01.06.2024Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFStad:KristiansundStillingstittel:Lege i spesialisering innan psykiatriStillingar:1Tilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4743181123Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • LIS3 i poliklinikk jobbar i tverrfagleg team med ei rekkje ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
  • LIS3 gjer i samarbeid med psykiater vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling som ein del av jobben
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Du er pasientorientert
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr
  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
  • Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.Adresse: Hagan 9, 6516 Kristiansund, NorgeKontaktinformasjonGeir Magne NødtvedtOverlege psykiatriE-post: Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.noOm arbeidsgivarenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå

Helse Møre og Romsdal

Lignende stillinger

  • Psykiater/overlege

    Helse Møre og Romsdal

    • Kristiansund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du bli vår nye kollega? Vi har ledig 100 % fast stilling for spesialist i voksenpsykiatri ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund. Poliklinikken tilby…
    • 13 dager siden
  • Psykolog/ Psykologspesialist

    Helse Møre og Romsdal

    • Kristiansund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vi har ledig et 100% vikariat som psykolog/psykologspesialist med 1 års varigheit, oppstart frå 01.08.24 Har du lyst å arbeide med born og unge med medfødte og tid…
    • 4 dager siden
  • Helsefagarbeider/fagarbeider

    Kristiansund kommune

    • Kristiansund, Møre og Romsdal
    Vi søker deg som vil bidra til å skape medvirkning, trygghet og mestring for tjenestemottakerne i Bo og habilitering. Er du den rette for oss? Vi har ledig 100 % fast stilling so…
    • 11 dager siden