Ulstein Power & Control søker Project & Engineering Manager

ULSTEIN

  • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 26 dager siden
Om stillingenUlstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.I stillinga som Project & Engineering Manager får du ansvar for eit fagleg sterkt team som er sentrale i utviklinga av berekraftige kraft- og automasjonssystem til nybygg og retrofit. Som ein del av et innovativt konsern som designar skip frå grunnen av, vil du bli utfordra på å finne løysningar for framtidas skip. Du blir ein viktig aktør i arbeidet med å gjere tenester og system verkelege gjennom å realisere dette i leveransar til prosjekt.Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».NøkkelinformasjonSøknadsfrist:29.04.2024Arbeidsgiver:ULSTEINSted:ULSTEINVIKStillingstittel:Project & Engineering ManagerStillinger:1Heltid / Deltid:HeltidAnsettelsesform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4763990090Sosial deling :Ansvar og arbeidsoppgåverSom Project & Engineering Manager vil du få eit overordna ansvar for å gjennomføre leveransane og prosjekta våre. Du vil ha stor innverknad på prosjekta våre og vere ansvarleg for å sikre progresjon og kvalitet.Andre relevante arbeidsoppgåver er å
  • leie møter med ulike interessentar og koordinere prosjekt
  • bidra til gode prosessar knytt til PLM
  • vere ansvarleg for engineeringsprosessane i selskapet
  • bidra til kompetanseutvikling
Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskaparVi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare relevant utdanning og har erfaring med prosjektleiing. Du set retninga og får folk med deg, samtidig som du deler av erfaringar og kunnskapen din samt er nysgjerrig på andres. Du blir motivert av å vere med på å skape, og er oppteken av kvalitet og god service.Videre ser vi for oss at du har
  • teknisk kunnskap innan marine kraftsystem og automatisering
  • kunnskap og erfaring med skipssystem og maritim industri
  • kjennskap til PLM prosessar
  • erfaring med, eller ønske om å arbeide med DC- og/ eller MV-system
Ulstein tilbyr
  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjons- og forsikringsordningar.
Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.Søknadsfrist: 29. april 2024 - søknader blir fortløpande vurderteFor meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgiverne
  • Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200,
  • Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål blir vedlagde søknad. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt - også overfor oppdragsgivar i innleiande fase dersom det er ønskeleg.Adresse: Osnesvegen 110, 6065 ULSTEINVIK, NorgeKontaktinformasjonJan Tore HamnøyRådgiverE-post: jth@hamnoy.noMarita Stakkestad HanstveitRådgiver - research & analyseE-post: msh@hamnoy.noOm arbeidsgiverenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.For meir informasjon, sjå ulstein.com

ULSTEIN

Lignende stillinger

  • Project & Engineering Manager

    Ulstein Power & Control AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og u…
    • 27 dager siden
  • Maskinarbeidar - avd. Maskin og Rør

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? Ulstein Verft er i ein spanande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss o…
    • 1 måned siden
  • Operatørar Stålutrustning

    Ulstein Verft AS

    • Ulsteinvik, Møre og Romsdal
    Om stillinga Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? Ulstein Verft er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. V…
    • 1 måned siden