
Bioingeniør / avdelingsingeniør
- Førde, Vestland
- Fast
- Fulltid
I tillegg har vi substratlaboratoriet som produserer dyrkingsmedie, prøvemottak som registrerer prøver, og ei legegruppe som validerer prøvesvar. I vårt team har vi 30 medarbeidarar, herunder overlegar, bioingeniørar, avdelingsingeniørar, laboratorieassistentar og sekretærar.Vi er eit akkreditert laboratorium etter standard ISO 15189, og vår kvalitetskoordinator bidreg til at vi etterleve denne.Vi søkjer ein fagleg engasjert og dyktig medarbeidar som kan bidra til utføring og kvalitetssikring av mikrobiologiske analysar ved eininga. Hos oss vil det vere varierte arbeidsoppgåver, og du får moglegheit til å jobbe ved fleire einingar saman med ulike yrkesgrupper.Vi legg vekt på godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Vi er opptekne av trivsel - både på jobb og i fritid. Mange hjå oss er aktive innan ulike aktiviteter som klatring/buldring, strikking, løping, kor- og fleire andre sosiale aktivitetar -Tidspunkt for oppstart snarast eller etter nærare avtale.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:15.09.2025Arbeidsgivar:Helse FørdeStad:FØRDEStillingstittel:Bioingeniør/avdelingsingeniørStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5009771069Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Delta i dagleg drift og vedlikehald
- Produsere medium og reagens etter godkjente prosedyrar og gjeldande regelverk
- Reingjere og sterilisere utstyr
- Utføre førefallande arbeid i avdelinga
- Bidra med opplæring og rettleiing av nye tilsette og studentar
- Bidra i arbeid med register og kvalitetssikring
- Rullerande arbeidsoppgåver
- Norsk autorisasjon som bioingeniør eller bachelor/master innan kjemi
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå mikrobiologisk/medisinsk laboratoriet tel positivt
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- For framandspråklege (utanom skandinavisk land), vert det krevd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
- Kjennskap til og forståing for ISO 15189
- Grunnleggande IT-kunnskap
- Du er ansvars- og kvalitetsbevisst
- Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø
- Du er positiv og omgjengeleg
- Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper
- Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Ein spennande og variert arbeidskvardag
- Opplæringsplan for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
- Engasjerte kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg