Bioingeniør / avdelingsingeniør

Helse Førde

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 3 dager siden
Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som bioingeniør/avdelingsingeniør ved substrat- og bakteriologisk laboratoriet.Mikrobiologisk avdeling har hovudansvar for infeksjondiagnostikk for Helse Førde. Avdelinga består av tre analyseeiningar: bakteriologi, serologi og molekylærbiologi.
I tillegg har vi substratlaboratoriet som produserer dyrkingsmedie, prøvemottak som registrerer prøver, og ei legegruppe som validerer prøvesvar. I vårt team har vi 30 medarbeidarar, herunder overlegar, bioingeniørar, avdelingsingeniørar, laboratorieassistentar og sekretærar.Vi er eit akkreditert laboratorium etter standard ISO 15189, og vår kvalitetskoordinator bidreg til at vi etterleve denne.Vi søkjer ein fagleg engasjert og dyktig medarbeidar som kan bidra til utføring og kvalitetssikring av mikrobiologiske analysar ved eininga. Hos oss vil det vere varierte arbeidsoppgåver, og du får moglegheit til å jobbe ved fleire einingar saman med ulike yrkesgrupper.Vi legg vekt på godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag. Vi er opptekne av trivsel - både på jobb og i fritid. Mange hjå oss er aktive innan ulike aktiviteter som klatring/buldring, strikking, løping, kor- og fleire andre sosiale aktivitetar - Bli med oss!Tidspunkt for oppstart snarast eller etter nærare avtale.Arbeidsoppgåver
  • Delta i dagleg drift og vedlikehald
  • Produsere medium og reagens etter godkjente prosedyrar og gjeldande regelverk
  • Reingjere og sterilisere utstyr
  • Utføre førefallande arbeid i avdelinga
  • Bidra med opplæring og rettleiing av nye tilsette og studentar
  • Bidra i arbeid med register og kvalitetssikring
  • Rullerande arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som bioingeniør eller bachelor/master innan kjemi
  • Relevant praksis/arbeidserfaring frå mikrobiologisk/medisinsk laboratoriet tel positivt
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • For framandspråklege (utanom skandinavisk land), vert det krevd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Kjennskap til og forståing for ISO 15189
  • Grunnleggande IT-kunnskap
Personlege eigenskapar
  • Du er ansvars- og kvalitetsbevisst
  • Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø
  • Du er positiv og omgjengeleg
  • Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper
  • Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Ein spennande og variert arbeidskvardag
  • Opplæringsplan for nytilsette
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Arbeid i IA-bedrift
  • Engasjerte kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Kristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef, (+47) 959 23 340
Marianne Schiefloe Myklebust, Seksjonsleiar, (+47) 986 64 325Arbeidsstad Svanehaugvegen 2
6812 FØRDENøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5009771069
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2025Kontaktpersoner for stillingenMarianne Schiefloe MyklebustSeksjonsleiar(+47) 986 64 325Kopier telefonnummerKristina Apalseth KallandAvdelingssjef(+47) 959 23 340Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.SektorOffentligNettsted

Helse Førde