Undervisningsstilling kunst, design og arkitektur

Vestland fylkeskommune Se alle jobber

  • Norge
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 3 timer siden
Om stillingaVoss gymnas er ein kombinert vidaregåande skule, og har om lag 600 elevar og 90 tilsette. Skulen opna 1.august 2017 i nytt skulebygg med eit stort idrettsanlegg. Skulen tilbyr utdanningsprogramma;Informasjonsteknologi og medieproduksjon, Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Studiespesialisering, Idrett, Toppidrett-ski, Kunst, design og arkitektur og Musikk, dans og drama. Skulen har i tillegg ein klasse med Påbygging til generell studiekompetanse og ansvar for Vestland fylkeskommune si klasse i Frankrike.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:03.05.2026Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStillingstittel:Undervisningsstilling kunst, design og arkitekturStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:36Webcruiter-ID:5113140723Sosial deling :ArbeidsoppgåverVoss gymnas har ledig 36% vikariat på utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur frå 01.08.2026 til 30.07.2027.Kvalifikasjonar
  • Høgskuleutdanning/universitetsutdanning.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskaparDu som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst. Du er ein tydeleg og støttande leiar, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats. Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.Vi tilbyrHjå oss får du:
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Adresse: NorgeKontaktinformasjonKnut BrunvollAvdelingsleiarE-post: knut.brunvoll@vlfk.noOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune