Innovasjonspilotar (20 % stillingar) ved Universitetet i Bergen
- Bergen, Vestland
- kr 460.700-485.000 pr år
- Frivillig
- Deltid
Forskings- og innovasjonsavdelinga lyser ut 2-3 faste deltidsstillingar (20 %) som innovasjonspilotar. Vi ser etter deg som brenn for innovasjon og entreprenørskap, og som har lyst til å inspirere andre studentar til å utforske eigne idear og prosjekt.Som innovasjonspilot blir du ein viktig bidragsytar i arbeidet med å bygge ein sterk innovasjonskultur blant studentane ved UiB - spesielt ved Det medisinske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Fakultetet for naturvitskap og teknologiArbeidsoppgåver:
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar som fremmer innovasjon og entreprenørskap, og som legg til rette for idéutvikling og kompetansebygging blant studentar - til dømes workshops, idémyldringar og pitchekveldar
- Skape engasjement gjennom sosiale medium og ved å vere fysisk til stades på campus
- Vere rådgivar og støttespelar for studentar som vil utvikle eigne idear og hjelpe dei med å finne rett støtteordning, mentor eller ressurs
- Bidra til at fleire studentprosjekt blir vellukka søknader til finansieringsordningar som UiB idé, STUD-ENT og liknande program.
- Samarbeide med studentorganisasjonar og aktørar i innovasjonsmiljøet, som VIS og GründerCampus
- Delta i drifta av GründerCampus - til dømes gjennom vaktordningar, styrearbeid eller praktisk tilrettelegging av aktivitetar
- Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppmuntrar studentar til å søke
- Erfaring frå studentorganisasjonar eller anna frivillig arbeid
- Du har interesse for innovasjon, entreprenørskap og prosjektarbeid - du treng ikkje vere gründer, men du må vere nysgjerrig
- Du er ein meister i å få med deg andre - både på Instagram og på campus
- Er god til å kommunisere og engasjere både på norsk og engelsk
- Du er initiativrik og handlekraftig
- Du tenkjer kreativt og innovativt
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du har god organisasjonsevne og ein strukturert tilnærming til arbeidsoppgåver
- Opplæring og støtte frå erfarne innovasjonsrådgivarar
- Ein lærerik og fleksibel deltidsjobb som gir deg verdifull erfaring og nettverk
- Fleksibel arbeidstid som lett kan kombinerast med studiar
- Løn som konsulent (kode 1065) i årslønn kr. 460 700 - 485 000 tilsvarande 100% stilling avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode