
Stipendiat 3 år (100 %) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
- Bergen, Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- Utforme og gjennomføre eit doktorgradsprosjekt innanfor ramma av prosjektet om erfaringane til personar som søkjer abort i andre trimester og til helsepersonell som gir denne typen omsorg.
- Bidra til utvikling av vitskaplege publikasjonar og formidling av forskingsfunn til både akademiske og ikkje-akademiske målgrupper.
- Delta aktivt i prosjektgruppa og i forskingsmiljøet ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, inkludert forskargruppa Global helseantropologi.
- Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i samfunnsvitskaplege fag (til dømes sosialantropologi, sosiologi, kjønnsstudiar) eller innan helsefag (til dømes helsevitskap, folkehelse, medisin, jordmorfag, sjukepleie). Det er òg mogleg å søkje med bakgrunn frå tilgrensande fagområde, dersom ein kan vise til tematisk relevans for prosjektet.
- Kjennskap til norsk helsevesen vil vere ein styrke
- Erfaring frå arbeid med sårbare grupper vil telje positivt
- Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
- Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
- Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk (eller anna skandinavisk språk) og engelsk (sjå dokumentasjonskrav) er naudsynt
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 570 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 585 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 605 000.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Prosjektskisse (inntil fem sider, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskaplege prosjektet
- Litteraturliste for prosjektskissa
- Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå
- Eventuelle publikasjonar (pdf)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)