Vernepleiar, 100 % fast stilling ved eining for funksjonshemma

KVITESEID KOMMUNE LUNDENJORDET

  • Vestfold og Telemark
  • Fast
  • Fulltid
  • 15 dager siden
LEDIG STILLINGVed eining for funksjonshemma er følgjande stilling ledig: Vernepleiar, 100 % fast stilling, tilsetjing snarast. Stillinga er i bustad for menneske med utviklingshemming, og er i turnus med langvakter kvar 4.helg, 35,5 t/v. Arbeidsoppgåver:
  • Fremje målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i brukaren sine daglege aktivitetar og gjeremål
  • Legge til rette for at brukaren meistrar eigen kvardag
  • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
  • Samarbeid, rettleiing og opplæring av andre tilsette
  • Koordinator for ein eller fleire brukarar
  • Legemiddelhandtering
  • Pårørandesamarbeid
  • Lov om kommunale helse - og omsorgstenester kap.9 Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som vernepleiar , søkjarar med anna helse- og sosialfagleg utdanning er også velkomen til å søkje.
  • Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming, målretta miljøarbeid og åtferd som utfordrar
  • God digital kompetanse
  • Førarkort kl. B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar:
  • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Være fleksibel, strukturert og løysningsorientert
  • God rollemodell
  • Glad i aktivitet og kreativitet Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.Kontaktperson for stillingenUnni E. ØygardenEiningsleiar902 51 683Kopier telefonnummerOm bedriftenLundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar i alderen 18 - 90 år. Det består av 14 faste bustadar og ein avlastningsbustad fordelt på 4 bygg. Avlastningsbustaden er til born i alderen 3 - 18 år. Vi har vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, miljøarbeidarar og assistentar tilsett hjå oss. Lundenjordet ligg midt i smørauget av Kviteseid og har ein fantastisk utsikt til vakre Sundkilen. Det er gåavstand til butikkar, brygga, arbeidsplass og dagsenter for mange av bebuarane.SektorOffentligNettsted

KVITESEID KOMMUNE LUNDENJORDET