Er du farmasøyt og vil arbeide ved Sjukehusapoteket vårt i Førde?

Sjukehusapoteka Vest

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 1 dag siden
Om stillingaDå vil vi gjerne høyre fra deg!På sjukehusapoteket i Førde er vi ei fin blanding av apotekteknikarar, assistentar, farmasøytar og to sjukepleiarar. Hos oss får du rundt 30 trivelege og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar som samarbeider tett. Som farmasøyt hos oss vil du kvar arbeidsdag bidra til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte.I publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkjande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept, i produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar. I sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Førde får legemidla dei treng, og i avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelp vi legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.Vi har også spennande arbeid med farmasitun, eit slags avansert medisinrom som ligg plassert tett opp til pasientbehandlinga på sengepostane på Førde sentralsjukehus.Vi forventar ikkje at du har erfaring med alle oppgåvene frå før, men at du har lyst og interesse for å lære. Elles ser vi etter deg som ønskjer å bidra til å levere gode tenester til sjukehus og pasientar, som likar å ta på deg nye oppgåver, som set pris på å samarbeide med andre og har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø.Vi søkjer to farmasøytar - éin til publikumsavdelinga og éin til avdeling for farmasøytiske tenester. Det kan likevel bli aktuelt med veksling mellom avdelingane, og du vil få moglegheit til å arbeide breitt innan fleire fagområde. For stillinga i avdeling for farmasøytiske tenester er det positivt om du har erfaring med klinisk farmasi.Om Førde
Førde ligg vakkert til ved utløpet av Jølstra-elva, omkransa av flotte fjordar og fjell. Med sine om lag 10 500 innbyggjarar og eit blomstrande lokalsamfunn, er Førde ein stad som har samla mange tilflyttarar. Byen og Sunnfjord kommune satsar på kultur- og fritidstilbod, med ei rekkje arrangement gjennom året og eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod for både barn og vaksne. For deg som vurderer å flytte til Førde for å jobbe hos oss på sjukehusapoteket, kan vi òg hjelpe deg med å finne bustad dersom det er behov.Vi ser fram til å høyre frå deg - og ta gjerne kontakt om du lurer på noko.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:17.09.2025Arbeidsgivar:Sjukehusapoteka VestStad:FørdeStillingstittel:FarmasøytStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5006887402Sosial deling :ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling du jobbar i, her er nokre eksempel:
  • kundesørvis, sal, medisinstart, vaksinering og fagleg rettleiing av kundar, pasientar og helsepersonell
  • resept- og ordrebehandling i publikumsavdelinga
  • vareflyt, logistikk og rettleiing av helsepersonell
  • tilverking og kontroll av cytostatika og andre tilsetnadsprodukt
  • Du vil også samarbeide med sjukehuset sine avdelingar i samband med mellom anna utskriving av pasientar, potensielle mangelsituasjonar og produksjon av legemiddel.
  • Å delta i beredskapsvaktordning kan bli aktuelt
Andre oppgåver kan komme til ved behov.Er dette deg?Formelle kvalifikasjonar
  • Du har norsk autorisasjon som farmasøyt.
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi treff gjerne også deg som er nyutdanna.
  • Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Du har gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Du er trygg på faget ditt og flink til å formidle kunnskapen din.
  • Du tek ansvar, er tilpassingsdyktig og jobbar nøyaktig, med merksemd på kvalitet.
  • Du trivst med høgt tempo og held hovudet kaldt når det skjer mykje.
  • Du er sørvisinnstilt, engasjert og delar gjerne kunnskap med kollegaene dine.
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Kvifor velje oss?
  • Du jobbar i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
  • Du får sjansen til å utvikle deg både fagleg og personleg.
  • Du får opplæring i og kompetanse på nye og spennande oppgåver.
  • Du blir saman med oss andre ein viktig del av noko større i helsetenesta.
  • Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, NorgeKontaktinformasjonVesna Tanaskovic LienKonst. apotekerE-post: vesna.tanaskovic.lien@sav.noOm arbeidsgivarenSjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekrutteringSjå nettsida vår for meir informasjon

Sjukehusapoteka Vest

Lignende stillinger

  • Farmasøyt - Fast 100% - Apotek 1 Brulandsvellene

    Apotek 1

    • Sunnfjord, Vestland
    For full funksjonalitet på denne siden er det nødvendig å tillate/slå på JavaScript. Farmasøyt - Fast 100% - Apotek 1 Brulandsvellene Sunnfjord Apotek 1 er Norges ledende apo…
    • 2 måneder siden
  • Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut

    Helse Førde

    • Førde, Vestland
    Om stillinga Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 60% fast stilling for spesialfysioterapeut/ fysioterapeut: Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus Oppstart: Om…
    • 3 timer siden