Er du farmasøyt og vil arbeide ved Sjukehusapoteket vårt i Førde?
SJUKEHUSAPOTEKA VEST ADMINISTRASJON
- Førde, Vestland
- Fast
- Fulltid
Førde ligg vakkert til ved utløpet av Jølstra-elva, omkransa av flotte fjordar og fjell. Med sine om lag 10 500 innbyggjarar og eit blomstrande lokalsamfunn, er Førde ein stad som har samla mange tilflyttarar. Byen og Sunnfjord kommune satsar på kultur- og fritidstilbod, med ei rekkje arrangement gjennom året og eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod for både barn og vaksne. For deg som vurderer å flytte til Førde for å jobbe hos oss på sjukehusapoteket, kan vi òg hjelpe deg med å finne bustad dersom det er behov.Vi ser fram til å høyre frå deg - og ta gjerne kontakt om du lurer på noko.ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling du jobbar i, her er nokre eksempel:
- kundesørvis, sal, medisinstart, vaksinering og fagleg rettleiing av kundar, pasientar og helsepersonell
- resept- og ordrebehandling i publikumsavdelinga
- vareflyt, logistikk og rettleiing av helsepersonell
- tilverking og kontroll av cytostatika og andre tilsetnadsprodukt
- Du vil også samarbeide med sjukehuset sine avdelingar i samband med mellom anna utskriving av pasientar, potensielle mangelsituasjonar og produksjon av legemiddel.
- Å delta i beredskapsvaktordning kan bli aktuelt
- Du har norsk autorisasjon som farmasøyt.
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi treff gjerne også deg som er nyutdanna.
- Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Du har gode IKT-kunnskapar
- Du er trygg på faget ditt og flink til å formidle kunnskapen din.
- Du tek ansvar, er tilpassingsdyktig og jobbar nøyaktig, med merksemd på kvalitet.
- Du trivst med høgt tempo og held hovudet kaldt når det skjer mykje.
- Du er sørvisinnstilt, engasjert og delar gjerne kunnskap med kollegaene dine.
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
- Du jobbar i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
- Du får sjansen til å utvikle deg både fagleg og personleg.
- Du får opplæring i og kompetanse på nye og spennande oppgåver.
- Du blir saman med oss andre ein viktig del av noko større i helsetenesta.
- Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
6812 FørdeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sjukehusapoteka VestReferansenr.: 5006887402
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2025Kontaktperson for stillingenVesna Tanaskovic LienKonst. apoteker+47 48670295Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekrutteringSjå nettsida vår for meir informasjonSektorOffentligNettsted