lærling i hestefag

Vestland fylkeskommune Se alle jobber

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Om stillingaFørde vidaregåande skule har ledig læreplassar i hestefaget frå 1. august 2026
Midt i Sunnfjord kommune ligg Førde vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt med skulestad Øyrane, som er plassert i Førde sentrum og skulestad Mo, som er plassert 11 km utanfor sentrum. Førde vgs. tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektro- og datateknologi, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknologi og industrifag, Naturbruk, Medium og kommunikasjon, Kunst, design og arkitektur og studiespesialiserande . I tillegg har skulen undervisning ved sosiale og medisinske institusjonar i Førde, vaksenopplæring og ulike kurs. Hesteanlegget omfattar stallplass til ca. 30 hestar, oppvarma, ny ridehall, travbane og fleire utandørs ridebaner. Skulen har til ei kvar tid 2 lærlingar i hestefaget.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.04.2026Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStad:FørdeStillingstittel:lærling i hestefag.Stillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5091764756Sosial deling :ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver er knytt til kompetansemål i læreplan for faget på vg3 nivå.Du må delta i den daglege drifta av hesteanlegget på skulen.Kvalifikasjonar- Fullført og bestått Vg2 Heste- og dyrefag eller Vg2 Hest- og hovslagarfag.
- Erfaring og ferdigheiter knytt til hald og bruk av hest.
- Førarkort for bil og traktorsertifikat er ei føremon.
- Krav om gyldig politiattest.Personlege eigenskapar- Du må vere sjølvstendig.
- Du må kunne kommunisere og samarbeide med andre tilsette og elevar
- Du må vere ansvarsbevisst
- Du må vere lærevillig og motivert for vidare læring og utvikling.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsetjinga.Vi tilbyr- Eit godt skule- og arbeidsmiljø som har høge ambisjonar for elevane og som skule.
- Tett samarbeid og oppfølging frå instruktør og andre hestefaglærarar.
- Eit læringsmiljø med stor vekt på samarbeid og utvikling.
- Eit aktivt og triveleg hestemiljø.
- Nært samarbeid med lærling nr. 2Adresse: Naustdalsvegen 12, 6800 Førde, NorgeKontaktinformasjonHåkon SvoenAvdelingsleiarOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune

Lignende stillinger

  • lærling i hestefag

    Vestland fylkeskommune

    • Førde, Vestland
    Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver er knytt til kompetansemål i læreplan for faget på vg3 nivå. Du må delta i den daglege drifta av hesteanlegget på skulen. Kvalifikasjonar - …
    • 6 dager siden
  • Lærling byggdrift

    Helse Førde

    • Førde, Vestland
    Om stillinga Lærling byggdrift ved Førde sentralsjukehus Er du praktisk anlagt, nysgjerrig på tekniske system og vil lære korleis eit moderne bygg fungerar i praksis? Som lær…
    • 9 dager siden
  • Lærling byggdrift

    HELSE FORDE HF FORDE SENTRALSJUKEHUS

    • Førde, Vestland
    Lærling byggdrift ved Førde sentralsjukehus Er du praktisk anlagt, nysgjerrig på tekniske system og vil lære korleis eit moderne bygg fungerar i praksis? Som lærling hos oss få…
    • 9 dager siden