Lærling byggdrift

Helse Førde Se alle jobber

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Om stillingaLærling byggdrift ved Førde sentralsjukehusEr du praktisk anlagt, nysgjerrig på tekniske system og vil lære korleis eit moderne bygg fungerar i praksis?Som lærling hos oss får du praktisk opplæring i drift og vedlikehald av eit sjukehus - ein arbeidsplass der jobben din faktisk har mykje å seie for pasienttryggleik og kvardagen til tusenvis av menneske.Vi oppfordrar kvinner til å søkje.Bli med på laget som sikrar trygg drift og god omsorg for pasientane våre.
Oppstart læretid: 10.08.2026NøkkelinformasjonSøknadsfrist:04.05.2026Arbeidsgivar:Helse FørdeStad:FørdeStillingstittel:Lærling byggdriftStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5107895246Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Få opplæring i praktisk drift og vedlikehald av bygget sine tekniske installasjonar, som ventilasjon, varme, kjøling, sanitær og elektriske anlegg.
  • Lære å feilsøkje, utføre enkle reparasjonar og gjennomføre rutinekontrollar saman med erfarne fagfolk.
  • Delta i daglege driftsoppgåver som bidreg til trygg og stabil drift av pasientrom, operasjonsstover og tekniske rom.
  • Lære å dokumentere arbeidsoppgåver og følgje gjeldande rutinar knytte til tryggleik, kvalitet og smittevern.
  • Utvikle samarbeidsevner gjennom arbeid i lag med driftsteamet, eksterne leverandørar og ulike faggrupper på sjukehuset.
Kvalifikasjonar
  • Du har fullført relevant Vg1/Vg2 innan tekniske fag eller byggfag, eller du har annan praktisk erfaring og ønskjer å ta fagbrev som byggdriftar.
  • Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
  • Du er nysgjerrig, likar å finne løysingar og trivst med praktisk arbeid.
  • Du er ein lagspelar som tek ansvar og forstår at jobben du gjer er viktig for pasientane.
  • Du likar orden, er oppteken av kvalitet og bryr deg om tryggleik på jobb (HMS).
Vi tilbyr
  • Du får god opplæring med eigen rettleiar som følgjer deg opp i kvardagen, og ein tydeleg plan for kva du skal lære.
  • Du får varierte arbeidsoppgåver som betyr noko, i eit arbeidsmiljø der jobben din er viktig for samfunnet.
  • Du får løn etter tariff for lærlingar og gode ordningar som gir tryggleik i jobben.
  • Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der folk samarbeider på tvers av fag og har fokus på å lære av kvarandre.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, NorgeKontaktinformasjonJan Ove SteinsethSeksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Helse Førde

Lignende stillinger

  • lærling i hestefag

    Vestland fylkeskommune

    • Førde, Vestland
    Om stillinga Førde vidaregåande skule har ledig læreplassar i hestefaget frå 1. august 2026 Midt i Sunnfjord kommune ligg Førde vidaregåande skule. Skulen er geografisk todelt m…
    • 6 dager siden
  • lærling i hestefag

    Vestland fylkeskommune

    • Førde, Vestland
    Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver er knytt til kompetansemål i læreplan for faget på vg3 nivå. Du må delta i den daglege drifta av hesteanlegget på skulen. Kvalifikasjonar - …
    • 6 dager siden
  • Lærling byggdrift

    HELSE FORDE HF FORDE SENTRALSJUKEHUS

    • Førde, Vestland
    Lærling byggdrift ved Førde sentralsjukehus Er du praktisk anlagt, nysgjerrig på tekniske system og vil lære korleis eit moderne bygg fungerar i praksis? Som lærling hos oss få…
    • 9 dager siden