Sjukepleiar i team

Stad kommune

  • Selje, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 13 dager siden
Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Kartlegging og vurdering av behov hjå tenestemottakarane
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med sakshandsamarteam
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
  • Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du har lyst til å vere med å utvikle framtidas heime- og institusjonsteneste
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du trivast med både å arbeide sjølvstendig og saman med andre
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre tenestemottakarar.Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.Vi tilbyr
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Rekrutteringstilskot (kr. 30.000)
  • Kompetansetillegg for relevant etterutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid
  • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan mot ekstra kompensasjon
  • Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
  • Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar 4.helg) , og i vekedagane for lengre friperiodar
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!Adresse: Selje, 6740 Selje, NorgeStadlandet
6750 Stadlandet
NorgeKontaktinformasjonAnne-Lise TeigeAvdelingsleiar heimetenestaE-post: Anne-lise@teige.stad.kommune.noStine Fylling SildenAvdelingsleiar SeljetunetE-post: stine.fylling.silden@stad.kommune.noHeidi Munch StarheimEiningsleiar InstitusjonaneE-post: heidi.munch.starheim@stad.kommune.noAnnette HovdenEiningsleiar HeimetenestaE-post: annette.hovden@stad.kommune.noOm arbeidsgivarenStad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!https://www.nordfjord.no/stadhttps://www.einstadistad.no/

Stad kommune

Lignende stillinger

  • Sjukepleiar i team

    STAD KOMMUNE HEIMETENESTA SELJE

    • Selje, Vestland
    Vil du vere med og forme framtidas helsetenester ? Vi søkjer etter akkurat deg! Vi har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i turnus frå 01.09.2025 . Sti…
    • 14 dager siden
  • Sjukepleiar i team

    Stad kommune

    • Selje, Vestland
    Om stillinga Vil du vere med og forme framtidas helsetenester ? Vi søkjer etter akkurat deg! Vi har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i turnus frå 01…
    • 14 dager siden