Sjukepleiar i team
STAD KOMMUNE HEIMETENESTA SELJE
- Selje, Vestland
- Fast
- Fulltid
Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.I område Selje/Stadlandet har vi slått saman sjukepleiarkreftene våre. Her jobbar vi side om side i heimetenesta og på institusjon som eit team, for å gje best mogleg omsorg til dei vi er her for.Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget - og meir til - i ein variert kvardag hjå oss der ingen dagar er like.Kvifor velje oss?
Du får mulighet til å oppleve kor verdifullt det er å jobbe på tvers av heimebasert omsorg og institusjon. Du får reise på heimebesøk der du møter mennesker i sitt eige miljø samstundes som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å bistå tenestemottakarar i bufelleskap og institusjon. Du får være sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar.Hos oss får du brukt din sykepleierkompetanse der den trengs mest. Vi sørger for at rett kompetanse brukes på rett sted, slik at du kan fokusere på oppgaver som krever din faglige kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear verdsetjast .Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.Du vil kunne få muligheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette?Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane reduserer stress i kvardagen , og gjev dei tilsette komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar til å hente seg inn.“Eitt team. Eitt mål. Best mogleg omsorg - saman med deg!”Bli med i vårt tverrfaglege team i heimetenesta og på Seljetunet! Her kombinerer vi styrkane våre på tvers for å gje best mogleg omsorg - både heime hjå tenestemottakarane og på institusjon. Er du sjukepleiarstudent opmodar vi deg til å søkje!Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
- Kartlegging og vurdering av behov hjå tenestemottakarane
- Samarbeid med pårørande
- Samarbeid med sakshandsamarteam
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell
- Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
- Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
- Du har lyst til å vere med å utvikle framtidas heime- og institusjonsteneste
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ og ansvar
- Du trivast med både å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Rekrutteringstilskot (kr. 30.000)
- Kompetansetillegg for relevant etterutdanning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid
- Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan mot ekstra kompensasjon
- Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
- Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar 4.helg) , og i vekedagane for lengre friperiodar
- Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
- Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent
Stine Fylling Silden , Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449,
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Institusjonane , 48045210,
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72,Arbeidsstad
6740 SeljeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4998406308
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.09.2025Kontaktpersoner for stillingenAnnette HovdenEiningsleiar Heimetenesta45 47 84 72Kopier telefonnummerKopier e-postadresseHeidi Munch StarheimEiningsleiar Institusjonane48045210Kopier telefonnummerKopier e-postadresseStine Fylling SildenAvdelingsleiar Seljetunet98482449Kopier telefonnummerKopier e-postadresseAnne-Lise TeigeAvdelingsleiar heimetenesta41002206Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenStad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!https://www.nordfjord.no/stadhttps://www.einstadistad.no/SektorOffentligNettsted